Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 14. juli

Motgang og vekst

Johan Moan
Foto: Marit Kolberg / NRK

Ein gravstein i Russland ber innskrifta: "Om kveitekornet ikkje vert lagt i jorda og døyr, vert det berre det eine kornet". I grava ligg ein som sådde korn som vaks; ein som eg reknar for den støste fattaren som har levd: Fjodor Michailovitsj Dostojevskij.

Bøkene hans har gitt mange lyst til å prøva å leva etter Jesu lære. Jamvel Einstein sette Dostojevslij høgt, som forfattar og utforskar av dei åndelege mysteriene i sjølve livet og i medvetet.

Dostojevslij vaks opp i ei religiøs familie i Moskva. Bøn og Bibel stod sentralt, og vakre og heilage minne frå bardomen ga han kraft gjennom heile livet. I ungdomen trudde han Jesus var den første, ekte sosialisten, men Jesus-biletet endra seg. Jesus vart for han og den største og vakraste han kunne tenka seg.

I romanane sine skildrar han naturlege menneske som er så nær opp mot Jesus som muleg. Ei lågmælt verksemd mot tsarveldet førde Dostojevslij til ein rettarstad. Med soldatars våpen retta mot seg og med ei ope grav attom seg var han viss på at han skulle døy. I siste sekund kom ein kurer frå tsaren og ropte at fangane ikkje skulle skytast men berre sendast Sibir.

Ein av venene hans miste forstanden den dagen, men Dostojevskij tålde det og vaks under det brutale tukthusopphaldet. Liding kan gjera eit menneske betre, sa han, og skreiv mykje om det. Han fekk ha eit nytestamente i tukthuset, las dagleg i det og tok det med seg gjennom heile livet fram til dødssenga si.

Da var det nesten utslite av understrekingar, kommentarar og merke etter ein finger som hadde fulgt linene i halvmørkret i tukthuset. Han spurde seg sjølv: "Korleis kan eg ærleg tru på ein allmektig og kjærleg Gud i ei verd fylt av vondskap og liding?"

Ingen har løyst det spørsmålet heilt, men Dostojevskij kom eit stykke på veg: "Gud har gitt oss ein heilt fri vilje", sa han. "Vi kan velja å følgje tidstonen med materialisme og sjølvhevding, men vi kan og fritt velgja å følgja Jesu lære".

Som Dostojevskij sitt kveitekorn, kan det beste i oss gagne familiane våre og folket vårt slik at liva våre kan spira til noko fint. Ei audmjuk Kristus-tru fører til gode gjerningar, og syner oss attåt meininga med livet.

Kristus-figurane hans kan læra oss mykje: Av munkane Aljosja og Sosima kan vi læra om kjærleik til skaparverket og til menneska, av fyrst Myskin, Idioten, kan vi læra å tåla motgong og spott, og av den prostituerte Sonja kan vi læra lydnad og underordning under Guds vilje.

Vi må alle gjennom motgang. Gud kan bruka den til å betra oss og til å veksa. Vi bør velgja bort sjølvhevding og egoisme, og strekka oss mot fred og kjærleik av det rette slaget som er meir enn raude roser. Gjer vi det i truskap mot Kristus, vil liva våre bli spirande såkorn til glede for heim, folk og land og få varig verdi som bøkene til Dostojevskij.

Johan Emilian Moan

Musikk: Carola - "Blott en dag"

Skog