Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 14. desember

Trøysta i at tida går

Herborg Kråkevik
Foto: NTB scanpix Corneli Poppe

Eg veit det er meint vel, men eg blir så stressa når folk gir meg fyljande råd: «Grip dagen- carpe diem» - det er sikkert eit fint livsmotto, men eg blir altså berre stressa av at eg skal ta tak i alle dagar og augneblinkar og vera til stades med heile meg. Det kjenst uoverkommeleg – som eit stort arbeid i seg sjølv!

Mange går på kurs i Mindfullness for å få det til. Og kjenner seg kanskje håplaust misslukka når dei ikkje får det til.

Men det finst eitt livsmotto som både får meg til å smila og som roar meg ned: «This too will pass» «Dette - vil også gå over» Kvifor eg likar det?: Jau, det er ein mykje meir morbid og humoristisk måte å minna seg sjølv om at livet er kort, livet er nett no.

Du finn det i historia om kong Salomo, men det var ein dansk forfattar som gjorde meg merksam på det: Ho heiter Karen Blixen og eitt av hennar livsmotto «Dette vil også gå over» - skulle trøyste ho mange gonger:

Då hennar livs store kjærleik, Denys Finch Hatton, fall ned med flyet sitt og døydde.

Då ho mista heimen sin: farmen ho eigde, dreiv og budde på, i Kenya.

Og - då alle europeiske forlag refuserte det fyrste bokmanuset hennar til «Syv fantastiske fortællinger»

Men så - gav eit amerikansk forlag ut «Seven Gothic tales», og ho vart verdsberømt forfattar under namnet Isak Dinesen.

Dette vil også gå over, brukte ho og i store og lukkelege stunder for å minna seg sjølv om å nyta denne stunda før ho er vekke.

Blixen sin fandenivoldske sans for humor trøystar meg når eg skuslar bort gode stunder med borna mine eller gamle menneske som eg veit eg er ilag med på lånt tid.

Denne stunda du og eg har nett no, vil og gå over. Men før det vil eg nytta høvet til å seia: Ikkje prøv så hardt på å vera til stades. Ta heller eit skritt til sides og sjå på den stunda du står midt oppi, og om ho er god eller dårleg så går ho over. Denne lettheita ei slik forståing kan skapa i oss, trur eg på ein merkeleg måte kan skapa meir tyngde i liva våre.

Den hindrar i alle fall meg i å hengja for fast i fortida, og uroa meg altfor mykje for framtida.

Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde, som det står i Matteusevangeliet.

Herborg Kråkevik

artist og redaktør for juleheftet Juleroser

Musikk: Herborg Kråkevik og Kåre Konradi – «Vi tenner våre lykter»

Skog