Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 13. mars

Frelsa kom frå bygdene

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Joh 1,46 og Op 21,16

Eg kjem frå ei lita bygd på Sunnmøre og hugsar framleis kjensla av å flytte til hovudstaden for å studere. Byen var stor og skremmande. Men etter kvart forstod eg også kor mange moglegheiter det fanst der.

Eg blei verande i byen. Samtidig vil eg alltid tenke på meg sjølv som ørskogbygdar, etter staden der eg vaks opp. Det har med røter å gjere. Dersom planten skal vekse, er det dumt å rive opp røtene.

Bibelen er også ei fortelling om røter. Store delar av Bibelen handlar nettopp om slekt og slekters gang, med tilhøyrande ættelister. Slik dei fleste av oss moderne menneske likar å vere i kontakt med røtene våre, var dette eit sentralt poeng også for dei bibelske forfattarane.

Då Jesus skulle bli fødd, var det blant anna viktig at han var ein etterkommar av kong David. Han skulle kallast for Davids son. Matt 1,1

Røter handlar både om slekt og stader. Jesus var av kongeleg slekt, men det var ikkje noko kongeleg over staden der han blei fødd. Det nye testamentet kan fortelle oss at Jesus ikkje blir fødd i hovudstaden Jerusalem. Nei, Jesus blir fødd i den vesle landsbyen Betlehem. Matt 2,1-6

Heller ikkje Nasaret, der Jesus vaks opp, var ein stad av vesentleg storleik. «Kan det komme noko godt frå Nasaret?» spurte folk, lett nedlatande. Joh 1,46 Kapernaum, der Jesus busette seg då han begynte å forkynne om Guds rike, var berre enn ein fiskarlandsby. Matt 4,13

Frelsa kom altså frå bygdene. Jesus starta den offentlege gjerninga si i området rundt Genesaretsjøen, langt borte frå den religiøse eliten i hovudstaden. Han tok ikkje utgangspunkt i eit slott.

Bibelen er på mange vis eit distriktsvenleg verk. Gjetarguten David kom så å seie rett frå sauemarkane til ein overraskande siger mot den store krigaren Goliat, og seinare kongestatus. 1 Sam 17; 2 Sam 2,1-4

Mens byen Babel får stå som det gammaltestamentlege toppunktet for menneskeleg overmot, her ville menneska bygge eit tårn som nådde heilt opp til himmelen. 1 Mos 11,1-9

Så er det kanskje eit paradoks at gudsriket i Bibelens siste bok blir samanlikna nettopp med ein storby. Det nye Jerusalem skal bli 222 mil både i breidde, lengde og høgde. Op 21,16 Det blir verdshistorias største by. Kanskje kan vi håpe at det er symbolsk – og at det er plass til mange av oss der.

Det må vere ein by full av grøne enger, for profeten Jesaja fortel oss at ulven skal beite saman med lammet Jes 65,25. Frelsa kom frå bygdene, men både by og land er inviterte til himmelfesten.

Alf Kjetil Walgermo

forfatter og kulturredaktør i Vårt Land

Musikk: Birgitte Bergerud – "O Jesus du som fyller alt i alle"

Skog