Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 12. november

Sorg som en del av livet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg møter fjerdetrinn på skulen til ein time med temaet sorg. Så spør eg barna: "Når de ser meg – og ikkje kjenner meg, - kva kan de då seie om kven eg er?"

Eg får mange gode svar. «Du har bollate kinn,» seier ein. «Du e` jålat.» «Du har fine smykka´.»

"Ja, men ser de ikkje noko meir?" Enda fleire oppfinnsame svar. Men det er noko der som sjølv ikkje observante niåringar ser: Nemleg at bak eit andlet med smilerynker, glade auge og fregner på nasen, er det også eit lag av sorg, av tap, av minne som så gjerne skulle vore sterkare og med meir farge.

Det er det som er så rart med oss menneske. Det er ikkje alltid vi viser det eller ser det hjå dei vi møter. Men sorg er ein del av oss. Den blir det. For den råkar oss der vi er som mest sårbare. I vår relasjon til dei som står oss nærast. Og nokre gonger svir det i bringa og lammer kroppen, - så vondt er det å sakne, å lengte.

Gjennom livet vil vi alle oppleve sorg. Det er prisen for å stille oss opne overfor andre. For nokre blir saknet og sorga så tung å bere at ein ikkje greier å sjå håpet for morgondagen. Andre fortel at det var som ein soloppgang den fyrste gongen ein greidde å glede seg igjen – over noko som var vakkert, eit smil, noko ein berre måtte le av. Og så var ikkje det farleg. For minnet om den ein var glad i, bar ein med seg likevel.

I uminnelege tider har menneske sørga, grått og ropt. Og klagen har ei retning. For det er ein stad der den blir teke i mot. Der mange vil seie at dei fann trøyst. I ein gudskjærleik og i håpet om at vi ein gong kan få overgje oss heilt til kjærleiken. Møte kvarandre i Guds evige lys. Ingen del av menneskelivet er ukjend for Gud. Heller ikkje vår sorg.

Ungane på fjerdetrinn kjenner også til det med sorg og død. Det er ikkje framand for dei. Som ein av 9åringane sa: «Hunden min dødd av samme sykdommen som faren te´ n Eirik.»

Sorg er ein naturleg del av det å vere menneske. Men når vi pratar om den og deler tankar og minner, då blir sorga lettare å bere.

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidaros

Musikk: Solfrid Molland – «Jeg er en fremmed»

Skog