Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 12. januar

Overrisla med kjærleik

Korskirken i Bergen
Foto: Eirik Brekke

Natt til 19. januar for to år sidan, stod døra på gløtt i Korskirka i Bergen, den kyrkja som bymisjonen heldt til i, og som eg den gongen var prest i. Eg gjekk inn i kyrkja mi, og det eg såg den natta, har eg aldri sett før eller seinare.

Fleire hundre kvitkledde menneske, menn og kvinner, barn og gamle. Eit svært plastikksvømmebasseng stod midt på kyrkjegolvet. Prestar, eller kva dei no var, med gullkåper og hattar og fargerike sjal. Nokre sto med store oppslåtte paraplyar i gilde fargar og nokre svinga med røykelseskar og spreidde duft i krokane.

Kva var dette? Det var den etiopiske ortodokse menigheita som feira ei av sine største høgtider, Jesu dåp. Medlemmene i Tewahedokirka var samla for å feire.

Ein fotograf frå avisa Bergens Tidende var på veg heim den natta. Tilfeldigvis fekk han gjennom den opne kyrkjedøra, eit glimt av den fargerikeforsamlinga. Han fekk lov til å ta nokre bilder frå galleriet og lesarane av avisa kunne fryde seg over fleire fargerike sider helga etter.

Han tar bilde av prestane som velsignar vatnet og stenkar det ut over menigheita og av Kokete Deyse som har vaka heile natta med dottera Hawi Tuzi på 5 månadar som blir døypt på morgonkvisten.

I den ortodokse kyrkja i Etiopia er Jesu dåp-festen like stor som det jula er for oss. Festen føregår heile natta og utover morgonen, ein fast dag i januar.

I Bibelen kan vi lese om Jesus dåp fleire stader. Alle historiene fortel at Jesus blei døypt av Johannes Døyparen i Jordanelva. Vi snakkar om eit av verdas lågaste punkt: 390 meter under havet.

Jesus stig opp av vatnet og himmelen opnar seg: Guds ande kjem ned som ei duve og senkar seg over han og røysta lyder: Du er son min, som eg elskar. Deg har eg hugnad i. (Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede.)

Når Gud let seg døype, skjer det nederst i Jordanelva, på det nederste punktet på jorda 390 m under havet. Mange tenkjer at ein må klatre opp til Gud. I Jesu dåp kjem eit anna gudsbilde til syne: Dåpen er noko å falle ned i. Gud også.

I dåpen sin, blir Jesus overrisla med kjærleik. Det skjedde og min dåp. Du er barnet mitt, i deg har eg glede. Det er ei voldsom erklæring.

Nokon av oss bevarer dette som ei levande og sterk tru livet igjennom, andre av oss må påminnast igjen og igjen, og nokon tør, eller klarar kanskje aldri, heilt å tru det.

Kari Veiteberg

Musikk: Ingrid Olava – "Guds kjærleik"

Skog