Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 12. april

Kvitare enn snø

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Eg var 13 år. Eg sat på ein av dei harde benkane i Skodje bedehus. Eg sat og såg opp på emmisær Håkon Ulstein, såg og høyrde. Det var ikkje mange gutar på min alder i bedehuset den kvelden. Men eg var der av fri vilje og interesse, ein liten, alvorleg kar, litt veslevaksen, prega av ei spesiell erfaring som hadde skilt meg ut i flokken, at eg var ramma av poliosjukdom og streva med etterverknadane av den.

Ein av verknadane, slik eg tenkjer det, var at sjukdommen hade opna barnetrua mi og gjort den djupare. No sat eg der og høyrde og såg Håkon Ulstein tale. Det som gjorde slikt inntrykk på meg, var at han gret mens han tala. Ekte tårer, kjende eg. Han tåla om nåden i Jesus Kristus og gret av glede. Han tala om Jesu blod som kunne reinse oss frå alle våre synder. Og tårene rann og rann.

Denne scena kjem opp for meg når eg høyrer Elias Akselsen synge den teksten som eg no vil dele frå arven, frå skatten av åndelege sangar:

Jesus, du som blodet har gjutit,

Det var slik eg høyrde Elias Akselsen for første gong, følgt, støtta, kommentert av Stian Carstensen på trekkspel. Eg kjende meg blåst overende, ja herleg blåst overende av ein mann som vrengjer sjela si i sangen, som speglar sin eigen og romanifolket sin kamp i kvar einaste strofe:

Länge jag gått vill uti öknen,

Hulde Herde, låt mig ej dö,

Tvätt mig i det dyrbara blodet,

Att vitare jag bliver än snö.

Eg hadde aldri høyrt denne sangen før eg høyrde den i Elias Akselsen sin versjon. Men visst høyrer den til arven, den arven som Elias Akselsen vil synge fram, den djupe, djupe lengten vi vandrarar på jorda kan kjenne etter å bli vaska rein av Gud sjølv.

Slik David i følgje den bibelske tradisjonen ber i Salme 51, i ord som du og eg kan flytte inn i saman med menneske frå alle tider:

"Ta bort mi synd som isop, så eg blir rein. Vask meg, så eg blir kvitare enn snø.

Lat meg få oppleva fryd og glede. Lat beina du knuste, få jubla."

Tekst: Salme 51

Geir Gundersen

Musikk: Elias Akselsen - "Hvitere enn snø"

Skog