Pinsa begynte med dei overveldande hendingane i Jerusalem for snart 2000 år sidan: Kjærleikens ande, Den heilage ande, blei helt ut over apostlane, og kvar og ein av alle dei utlendingane som stor samla rundt dei, høyrde plutseleg evangeliet på sitt eige morsmål. Alle som var samla måpte og sikkert med rette.
Inn i kvart eit tungemål, inn i kvart einaste menneske spreier Gud seg. Ut i alle avkrokar. Det er pinseunderet. Gud spreier seg ut og møter kvar og ein av oss som personleg tiltale: «Du er dotter mi, Du er son min, i deg har eg glede.” Reis deg opp. Vi er oppreiste menneske, skapte i kjærleik, til kjærleik. Det er pinseunderet: «Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.»
Når me for litt over hundre år sidan fekk Bibelen på nynorsk, vakte det stor motstand. (Det første nynorske nytestamentet kom i 1870, den første nynorske bibelen kom så seint som i 1921.) Ein nynorskmann skreiv i eit lesarbrev: ”Ein kan då ikkje lese Guds ord på same språket som vi talar på kjøkkenet!”
Nokre gret når dei høyrde sør og nordsamisk og kvensk i kyrkja også. For ein hadde vakse opp med at morsmålet er noko vi skjemmer oss over.
Dette er det kyrkja er tufta på, pinseunderet: At eg ikkje treng å skjemme over det eg er: Hudfargen min, kroppen min, om eg er av lærde eller ulærde, om eg er i arbeid elle ikkje. ”Du skal ikkje tru du er noko” ” Deg er det ikkje plass for” ”Du får ikkje vere her..” ”Du får vere her, men berre om du oppfører deg.. følgjer kodane.”
Guds ord på hjartespråket handlar om at eg ikkje treng å strekkje meg opp, lære eit nytt språk, eller eit anna språk. Er det plass for meg i kyrkja? Kva er kyrkja? Kven er kyrkja? Ordet kyrkje kjem frå Kyrios, det som høyrer KYRIE, Herren, til.
Eg tenkjer meg kyrkja som både noko usynlig og synlig, noko som ikkje er avhengig av rom og noko som er i rom. Nokre har halde fram at kyrkja vel eigentlig er eit verb: Kyrkje er noko som skjer: Der menneska reises opp, der skjer kyrkja. Eg ser for meg alle dei Jesus møtte, og som reiste seg opp. Eg ser for meg alle dei eg veit om. Vi er kyrkja. Vi er ulike. Vi er heldigvis forskjellige, men ein ting er viktig: Ingen skal tråkke på oss! Ingen skal få gjere oss mindre. Ingen av oss skal skjemmes.
God pinse! Gud er i hjartespråket. Eg treng ikkje strekke meg opp, lære eit nytt språk eller eit anna språk. Paulus lærer kyrkjelyden i Korint, at Anden, Den heilage Ande, kjennest ved det som tener til det gode. Korleis verkar Den heilage ande: Jo, hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode.
Ein stad og eit rom, aleine eller saman med andre der du kan tenkje, puste fritt, der er Guds ande.
Kari Veiteberg
Musikk: Marthe Rausand, Frode Fjellheim og Randi Lundemo + «Biejjiem Jih Askem».