Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 10. desember

Legenda om adventskransen – håp for verda

Kristin Lødøen Hope

Matteus 5,9 og Jesaja 9,2.6

Førjulstid – ordet gir gode assosiasjonar for mange. Vi tel ned til jula, og drøymer kanskje om ei adventstid fylt av forventing, innekos og glede. Nettopp derfor blir kontrastane så store når vi opplever det motsette, i våre eigne liv, men også når vi ser rundt oss.

Det er så mykje vondt i verda at det er nesten umuleg å ta det innover seg. Klimatrussel og manglande handlekraft, kan gjere sjølv den mest optimistiske av oss, motlaus og tung til sinns. Midt i dette er det godt å tenke på at det finnes personar, som jobbar for det gode, og som vinn fram. Som Etiopias statsminister Abiy Ahmed som i dag får Nobel fredspris for sin innsats. Til ære for han og alle andre som står på for å skape fred, vil eg dele ei legende om adventslysa.

Fire lys brann på adventskransen. Det var heilt stille, så stille at ein kunne høyre lysa snakke til kvarandre. Det første lyset sukka og sa: ”Namnet mitt er fred. Eg skin klart, men menneska vil ikkje ha fred, dei vil ikkje ha meg”. Lyset blei mindre og mindre, til slutt sløkte det heilt.

Det andre lyset sa: "Namnet mitt er tru. Men eg er blitt til overs. Menneska vil ikkje vite av Gud lenger. Det er meiningslaust at eg brenn”. Så sløkte det andre lyset. Trist og med låg stemme sa det tredje lyset: Namnet mitt er kjærleik. Eg eig ikkje lenger kraft til å brenne. Menneska overser meg. Dei ser bare seg sjølve og ikkje dei andre som dei skulle elske”. Også det tredje lyset blei sløkt.

Eit barn kom inn i rommet, såg på lysa og sa, med augo fulle av tårer: ”De skal då lyse og ikkje vere sløkte”. Då høyrde ein plutseleg stemma til det fjerde lyset: ”Ver ikkje redd! Så lenge eg brenn, kan vi tenne dei andre lysa igjen. Namnet mitt er håp”. Og barnet tok ein flamme frå håpet sitt lys med ei fyrstikk og tente alle dei andre lysa igjen!

Barn og unge i det gode si teneste, har glød til å tenne ei heil verd. Det gir grunn til optimisme. Sæle er dei som skapar fred, dei skal kallast Guds born seier Jesus. Barnet i krybba kom med håp, med trua på endring og forsoning, kjærleik og fred. Vår oppgåve er å halde fast i håpet. Som mor mi brukar å seie til oss:

Tru på det gode, det bur i deg.

Finn det hjå andre, vis saman veg:

Vegen til fridom, rettferd og fred.

Kjemp for ei verd der Gud er med!

Kristin Lødøen Hope

sjukehusprest ved Haukeland universitetssjukehus

Musikk: Stian Thorbjørnsen, Staysman & Lazz - "Himmel på jord"

Skog