Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 1. desember

Ikkje åleina

Herborg Kråkevik
Foto: NTB scanpix Corneli Poppe

Det er 1.desember- ein magisk dag. Ein dag for … julekalenderåpning? Men det kjennes ikkje så magisk, akkurat i dag. I dag er det ein slik dag: eg kan ikkje skriva noko i dag, eg kan ikkje seia noko i dag som kan gjera andre godt. Trur eg.

Men kanskje er det akkurat ein slik dag, når eg er så stressa at eg tek tannkrem i håret og hårgele på tannbørsten, at eg skal settja meg ned og snakka til deg. Du som lyttar.

Eg kan prøva å forestilla meg korleis du ser ut, kvar du er når eg seier dette- på kjøkenet ditt, i bilen din, på veg til arbeidet. Kanskje like stressa som meg...?

Kanskje er det akkurat ein slik dag, når eg tenkjer at alt er berre noko drit, og eg får ingenting til, eg er bakpå med alt –

Kanskje er det akkurat då at eg verkeleg SER medmennska mine, ser deg når me passerer kvarandre i morgonstresset, ser morgonljoset som ventar der bak desember-myrkret på oss begge to. Og inni meg kviskrar eg til deg når me går forbi kvarandre:

Som dine dagar er, skal din styrke vera. Eg har ikkje for vane å prakka bibelvers på folk, men no i år må me ta for oss av alt det som kan gje styrke, uansett kvar det kjem ifrå. Og viss du spør meg kvar det står, så er det i 5.mosebok kap 33.vers25

Det er jo advent, men også mørketid og altfor kort tid fram til jul, og no når desember månaden set inn så treng eg trøyst på førehand:

Eg veit at eg kjem til å kava meg opp, rasa avgarde og innimellom kjem tristheita til å leggja eit slør av over augene mine så eg ikkje klarar å lesa det som står i notane eller på innkjøpslappen, og eg kjem til å grina, det veit eg.

Og kva er det som hjelper då?

Jo, at eg ikkje er åleine om å ha det slik, eg veit at du finns der ute og eg trur det finns Nåde for slike som oss: Latterleg stressa og utilstrekkelege menneske:

Me skal få ein dag i morgon som rein og ubrukt står, med blanke ark og fargestiftar til. Og då kan du rette oppatt alle feila frå i går, og då får du det så godt i måråkveld- og om du ikkje greier det og alt er like trist så skal du høyre suset over furua som sist .....skreiv Alf Prøysen.

Og om me ikkje når alt det me gjerne vil før klokkene ringjer jula inn, så må me prøva å vera glade for det me nådde, og øva oss i å tenkja at me er gode nok nett slik me er, ufullkomne, men verdt å bli elska for dei me er. Og me er ikkje åleina.

Herborg Kråkevik

artist og redaktør for juleheftet Juleroser

Musikk: Alf Prøysen «Du skal få en dag i mårå»

Skog