Då vil ei sanning stige opp, slik sanningar gjerne gjer – som er identisk med Paulus si erkjenning: Eg kjenner lengten etter fridom, fridom i hjartet og fridom i samfunnet – og eg kjenner krafta i motstanden mot fridom, krafta i mine eigne tendensar og krafta i dei herskande levemåtane. Eg må erkjenne: Eg lengtar etter fridom – som ein som ikkje er fri.
Eg er eit menneske som lengtar etter fridom. Då må eg vere vaken nok til å sjå og vedgå i tråd med Paulus sine ord: falsk religion nærer det sovande menneske, ekte religion hjelper mennesket til å vakne og oppdage sitt djupe fridomsbehov.
I dagens tekstord frå 2.Korintarbrev skriv Paulus kjærleg og poetisk til sine adressatar. Han løfter dei opp til eit sant og vakent liv, til sann og vaken religion. De er brev som Kristus skriv til menneska, seier han:
”Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje, på steintavler, men i hjarta, på tavler av kjøt og blod. For bokstaven slår ihel, men Anden gjer levande. Heren, det er Anden, og der Anden er, der er fridom”.
For eit sug i dei orda! Eg vil grunne lenge på dei. Eg lengtar etter å bli meir fri frå dei kreftene som hindrar meg i å spreie fridom. Eg forstår at eg ikkje kan oppnå den fridomen ved å lyfte meg sjølv etter håret. Men kan eg få bli eit ord i det levande brevet Kristus skriv? Kan Han dra meg i sin røyndom og arbeide med meg innanifrå?
Eg satsar alt på at Han kan og vil.
”Skriv deg Jesus, på mitt hjerte, du min konge og min Gud.
At ei lyst, ei heller smerte, deg formår å slette ut.!
Denne innskrift på meg sett: Jesus ifra Nasaret,
Den korsfestede, min ære og min salighet skal være.”
Geir Gundersen
Musikk Hymn to freedom Arne Domnerus og Rune Gustavson