• Nyheter
  • Sport
  • Kultur
  • Humor
  • Distrikt

Nyheter

  • Nyhetssenter
  • Norge
  • Urix
  • Kultur
  • Livsstil
  • Viten
  • Dokumentar
  • Ytring
  • NRK Sápmi
  • NRK Kvensk

Sport

  • Sportsnyheter
  • Resultater
  • Sendeplan
  • Videoklipp

Distrikt

  • Agder
  • Innlandet
  • Møre og Romsdal
  • Nordland
  • Oslo og Viken
  • Rogaland
  • Troms og Finnmark
  • Trøndelag
  • Vestfold og Telemark
  • Vestland

Temasider

  • NRK Humor
  • NRK Mat
  • NRK Skole
  • NRKbeta

Info

  • Hjelp
  • Informasjon
Logg inn

Andakten

Morgenandakten onsdag 7.november

Sist sommar gjekk eg meg bort på stien over ei hei som eg har gått utallige gonger før. Det var på natta, det var mørkt og det regna. Og eg hadde ikkje lys med meg. Ved eit vegskilje må eg ha gått for langt mot høgre. Det er ingen god kjensle når du plutseleg skjønar at du er på ville vegar! Ei lita stund kjente eg meg nokså liten, må eg innrømme. Furuleggar og svaberg som eg trudde eg kjente så godt, var brått ikkje det lenger. Det som gjorde at eg fann inn på stien att, var eit lite lys på ein hyttevegg. Så forstod eg kvar eg var, og kunne fortsetje dit eg skulle. Og så utruleg letta eg var når eg nådde målet mitt!

Publisert 02.11.2012, kl. 10.48
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost
Publisert 02.11.2012, kl. 10.48

Artikkelen er flere år gammel.

Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Vi menneske er skapte til lys. Det er då vi ser kvarandre. Det er i lyset vi blir verkelege for kvarandre. Vi treng lyset!

Bibelteksten på ein mørk onsdagsmorgon i november handlar om å vere i lyset. Enno ein gong er det Paulus som skriv til venene sine, til kyrkjelyden i Tessaloniki denne gongen. Mørke veit både han og dei mykje om; det fysiske mørket og det mørket som livet med sine farar og utfordingar representerer. Metaforane mørke og lys er ikkje ukjente. No har dei teke i mot trua på Jesus, og dei kjenner at dei har gått vegen frå mørke til lys. Paulus skriv om lyset så vi skjønar at det er i lyset dei og vi skal leve – det lyset som skin over liva våre – det lyset som ein gong kom til jorda ei mørk vinternatt i ein stall:

Men de, sysken, er ikkje i mørket, så dagen skulle koma uventa over dykk som ein tjuv. For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørket til.

Nei, vi høyrer ikkje natta eller mørket til. Vi har fått eit nytt lys over livet vårt. Kanskje kjenner vi ikkje alltid at det er der. Når dagane er mørke og ein ikkje ser håp for morgondagen. Når minna om det som var før overskyggar dagen i dag. Når mørket i natta kjennes trøystande fordi det dekker til og gøymer – for ei lita stund. Og enda får vi tru på han som sa om seg sjølv: Eg er lyset for verda.

Vi høyrer lyset til – og vi får tru at vi ein gong skal få møte kvarandre att i det lyset som Jesus kjem med. I mørket kan vi kjenne oss små og redde. Men når lyset kjem, om enn berre som eit svakt lys på ein hyttevegg, skal vi sjå og skjøne at det er i lyset vi skal leve – det er til lyset vi er skapte!

Ragnhild Jepsen

Musikk Vitae Lux Kirsten Bråten berg og Ole Edvard Antonsen

Publisert 02.11.2012, kl. 10.48
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Andakter 2012

Morgenandakten mandag 31.desember

Morgenandakten torsdag 27.desember

Mer om: Andakter 2012

Andakter 2021

Kjetil Gilberg

Morgenandakten mandag 8. mars

Helene Langeland

Morgenandakten torsdag 4. mars

Helene Langeland

Morgenandakten onsdag 3. mars

NRK

  • Kontakt NRK: 23 04 70 00
Norsk Presseforbund, logo.

Vi arbeider etter
Vær Varsom-plakatens regler
for god presseskikk.

Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.


Nyhetstips 03030 Nyhetsbrev

Kontakt

  • Om NRK
  • Kontakt NRK
  • Lisens
  • Publikum i NRK
  • Delta i NRK-programmer
  • Jobb i NRK
  • Presse

Hjelp

  • Brukerstøtte
  • Tilgjengelighet
  • Personvern
  • Informasjonskapsler (cookies)

Tjenester

  • Yr
  • NRK Skole

Produksjon

  • Eksterne produksjoner
  • Produksjonsfolka
  • Retningslinjer og design

Salg

  • Spons og salg
  • NRK Butikken
Til toppen
NRK Opphavsrett NRK © 2021 Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen Nettsjef: Hildegunn Soldal