Morgenandakten onsdag 7. oktober

Haust

Olav Fykse Tveit
Foto: Øivind Haugen / NRK

Her om dagen var eg på mitt favorittfjell, Skogshorn i Hemsedal. Det var grått på toppen. Men på vegen opp gjekk vi mellom tre og lyng, gjennom eit hav av sterke fargar som nesten tok pusten frå meg. Fjellet denne hausten er heilt spesiell.

Dei siste åra har eg også gått mykje i vakre kulturlandskap, mellom åkrar som har bugna av det vi - eller dyra, skal ete no og utover vinteren. Det som har vakse opp av den svarte jorda, og som no er hausta inn. Utan det hadde vi ikkje hatt noko å leve av.

Årstidene er ikkje forutsigbare som før. Vi opplevde jo også her til lands ein tørkesommar nyleg, med farlege skogbrannar og kriser for avlingane.

I eit eldgamalt dikt, som vi les i Salme 67,6 i Bibelen heiter det: «Jorda har gjeve si grøde. Gud, vår Gud velsignar oss.» Desse orda minner oss om at det er grunn til å vere glad, takknemleg, ja, eg vil seie ærbødig overfor alt som har vakse denne sommaren og som vert hausta inn. Det er det Bibelen kallar ei velsigning.

Den takken går til alle som har arbeidd med jorda, sådd, gjødsla og hausta inn – om dei er norske bønder eller utanlandsk arbeidskraft. Eg håpar dei alle får ei anstendig lønn for strevet. Dei har fått det meste inn no: bær, korn, poteter, grønnsaker, for til dyra - alt er samla saman. Kanskje er det att innhausting av ein del epler.

Eg har sett mange bilete på Facebook av store mengder bær som ulike venner har plukke i haust. Dei er ganske stolte, og med god grunn. Dei har noko å sjå fram til med fantastiske smakar. og dei held seg friske viktige antioksydantar. Nokon har fått aha-opplevingar av kor mykje næring som veks og som er tilgjengeleg for oss alle, heilt gratis.

Alt dette stemmer tanken til ein respekt for livet, for livets mysterium. For meg gir det god meining å uttrykkje det også i ein takk til Gud, livets opphav.

Difor har ein i kyrkjene ofte det vi kallar haust-takkefest på denne tida. Då pyntar ein gjerne altaret med alle slags fargar og vekster som vi har fått frå jorda. Vi takkar for at jorda har gjeve si grøde. Det samme gjer vi når vi ber ei bordbøn før vi et og takkar Gud for mat og drikke.

Når ein kan finne alt ein treng av mat på butikken eller ved å bestille og få det levert heim, kan ein lett gløyme denne djupe samanhengen: Av jord er vi komne. Av jorda lever vi. Med livets glede følgjer livets ansvar for den verda vi lever i, og den jorda vi alle skal leve av.

Olav Fykse Tveit

preses og ledende biskop for Den norske kirke

Musikk: Göran Fristorp og Anna-Lotta Larsson - "God morgon höst"

Skog