Men kanskje like viktige for meg er dei som også vågar å seie at dei ikkje alltid veit. Men som likevel viser at det går an å halde fast. At ein blir halde fast. Fordi det er noko som er større enn oss sjølv som er godt å halde tak i, sjølv om vi menneske ikkje alltid, - enda om vi så gjerne ynskjer -, greier å sjå det, eller å vite kvar vi skal.
Helst trur eg at vi menneske har i oss noko av begge delar – både av den trygge og den tvilande. Og at vi er gjevne til kvarandre for å vise at begge delar er naturleg. At vi i tider av livet heller meir til den eine eller den andre sida. Fordi det er ytre rammer, eller hendingar inni oss som gjer at tvilen til tider får større plass enn trua. Eller omvendt: At trua blir trygg og stor.
Men om vi ikkje alltid kan seie at vi trur på Gud, kan vi vite at Gud trur på oss.
Kanskje det er difor vi også kan lese i Bibelen om menneske som både er trygge og tvilande. Og det er ingen krise eller fare med det. Dei er menneske som har vorte viktige i utforminga av den kristne trua, ja, til og med førebilete for oss når det gjeld å tru på Jesus Kristus.
Enda om det er nokre veker sidan vi hadde påske, er vi framleis i tida då vi feirar det nye livet og at Jesus sigra over døden då han stod opp frå grava. Og i Bibelen les vi om dei som skulle leve vidare i dette nye – utan han dei hadde gått i lag med, diskutert med, vore slitne saman med og delt måltid med. No er det ei ny tid også for dei – ei tid for tru, og ei tid for tvil. Og så er det slik at dei trøystar og oppmuntrar kvarandre med forteljingar og ord – nettopp om dei som har i seg både tru og tvil. Men mest tru og trygghet. Eit slikt ord er dette, eigentleg sagt av Kong David, men her sitert av Peter til dei fyrste som trudde på Jesus:
Alltid har eg Herren for auga,
han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.
Eit ord til tru og trøyst! Eg kan tru det er sant: Gud går ved sida mi – og Gud er framfor meg. Gjennom dagar med tvil og dagar med tru har eg det med meg. Også inn i denne dagen. Vil du også ta det med?
Ragnhild Jepsen
Musikk: Solveig Leithaug Henderson - "Tett ved sida mi går Jesus".