Så gjekk det nesten 80 år. Den gamle biskopen som hadde vore biskop i stiftet nord i Sverige, og som så mange var så glade i, døydde. Gravferda skulle vere i Storkyrkan i Stockholm. Kvinna var også så glad i han. For han hadde sett henne og hennes folk. Han hadde opna Evangeliet for dei, vore lydhør og vist respekt.
Den gamle kvinna hadde aldri vore i Stockholm. Men ho visste at ho ville ta avskjed med biskopen. Så ho sette seg på bussen, - ti timar tok det, og kom til storbyen for fyrste gong i livet.
Gravferda var stor og høgtideleg. Men kvinna tok mot til seg og spurte om ho også kunne få kome med ei helsing. Og der, ved kista til ein som hadde vist henne respekt og vore ein god leiar, joika ho igjen – for fyrste gong på 80 år.
- Ho som ikkje hadde fått uttrykke seg på hjartespråket sitt. No kjente ho at det var det ho måtte. Som ei siste helsing og takk framførte ho ein joik –
til leiarreinen.
Når ein gjev av sitt eige, blir ein velsigna. Og når ein kjenner seg velsigna, gjev ein attende. Å gje av sitt eige må innebere å kunne vere den ein er, -
bli respektert som det, dele og kjenne at ein får mykje att.
Evangelia fortel om ein som lyttar og ser, og møter menneske. Det var det som gjorde Jesus så unik. Han avviste aldri dei som ville gje han noko, anten det var guten med fiskane og brøda; kvinnene som kom med barna sine for at han skulle velsigne dei, eller venene som firte den lamme mannen ned frå taket, i eit siste desperat forsøk på å få han frisk. Jesus tek i mot det dei har å gje, det som kanskje ikkje var så mykje verd i pengar, men som handla om deira identitet, deira levesett, deira hjartespråk. Og han møtte menneske med forventning – dei han møtte, kjente seg sett, ivareteke og elska!
Det vi vil gje av vårt eige, med vårt eige hjartespråk, det vert teke godt i mot av Han som velsignar og gjev attende i rikt monn! Om våre gåver er små og puslete i våre auge, vert dei teke raust i mot og delt med oss attende. I dag ser eg Jesus som ein leiarrein – ein som er trygg og raus; som ser og viser omsorg, men som først og fremst elskar oss slik vi er skapte til å vere. Slik at vi kan vere oss sjølve.
Ragnhild Jepsen
Musikk: Biejjiem Jih Askem - Marthe Rausand og Frode Fjellheim