Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 6. september

Eg teier ikkje

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Eg elskar medmennesket Job, from og sørgande, vill og klagande, som fekk ei heil bok i Bibelen nemnt etter seg. Eg elskar det medmennesket som skreiv Jobs klagesangar fram til tekst. Eg elskar Gud som høyrde og høyrde og høyrde på Job som aldri ga seg – og let hans beiske ord bli ein del av Den Heilage Skrifta.

"Gud gjer meg motlaus", klagar Job i kap 23. "Eg tenkjer etter og blir slegen av skrekk. Den veldige skremmer meg. Men eg teier ikkje i møte med mørkret, når bekmørkret dekkjer meg".

Job nektar å teie. Job vil ha Gud i tale. Job vil forsvare seg mot Gud – med livet som innsats. "Sjå, eg legg fram mi sak, eg veit at eg har rett".

Når alle har tala seg ferdige i Jobsboka, når Job sjøl har tømt sitt pinte hjarte heilt og venene ikkje har meir å seie til Guds forsvar – då byrjar Herren å svare Job "ut av stormen", står det. Det er ein underleg tale. Gud svarar ikkje på Job sine spørsmål, han har ingenting å seie om Jobs skuld eller uskuld – men han går Job i møte, med sine ord lyfter han Job opp, anerkjenner han, ja gir han guddommeleg rett, til å vere den han er og seie det han seier. Og så vender Herren seg mot venen Elifas;

"Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min, Job".

Kva er det som skjer? Jobs bok er inga avhandling om det vondes problem. Gåtene blir ikkje løyst. Både Job og Gud og dramaet mellom dei blir ståande som ein løyndom til å grunne vidare på. Men dette blir lysande klart:

At Gud elskar mennesket som kjempar for sin eksistens, at han ikkje berre toler, men lengtar etter at mennesket uttrykker seg sant – slik mennesket lengtar etter Gud i sin klage,"mitt hjarte fortærest av lengsel", seier Job. For det er sanninga i forholdet det står om. Gud er relasjon og har si glede i den levande relasjonen til verkelege menneske.

Dette kan bli ein god dag og snart syng sister Gertrud Morgan: Take my hand, lead me on. Søster Gertrud er rusten i målet, men klar i talen. Ta handa mi, lei meg, Gud. Slik vil eg og be. Jobs Gud kan eg lite på.

Tekst: Job 23,16-17

Geir Gundersen

Musikk: Sister Gertrud Morgan - "Take my hand, lead me on"

Skog