Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 31. august

Trøysta mitt folk

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Løgnprofetar vart dei kalla i Det Gamle Testamentet, falske profetar, dei som i Guds namn snakka folk etter munnen, forkynte at alt var bra når det meste var ravgale, kom med søte godord når det som trengtest var erkjenning av skuld og ansvar.

Difor er det dobbelt sterkt når ein profet, vand med å dømme urett, utbytting, falsk gudsdyrking - får denne beskjeden frå Gud: no er det tid for trøyst.

"Tal til Jerusalems hjarte og rop til henne at hennar strid er fullført, at hennar skuld er betalt, at ho har fått dobbelt opp av Herrens hand for sine synder."

Det folket som skal trøystast , er nedsøkt i den djupaste fortviling. Historia er slutt. Gud har forkasta folket sitt. Det er katastrofetid for Israel. Templet i Jerusalem er falle i fiendens hender, no sit ei heilt folk av fordrevne gråtande ved Babylons elvebreiddar. Alt er tapt.

Men Gud lever, seier Trøysteprofeten. Og no kjem han for å opne tida på nytt.

Kvifor tenkjer du, Jakob, kvifor seier du Israel: "Min veg er løynd for Herren, min Gud bryr seg ikkje om min rett". Veit du ikkje, har du ikkje høyrt? Herren er den evige Gud som skapte endane av jorda. Han blir ikkje trøytt og ikkje sliten…Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke.

Eg er ingen profet, så folk får tenkje etter sjølv. Men eg samlar det motet eg har og seier i Jesu namn, i denne tida for kloden vår med så mange fordrevne nedsøkte i fortviling, det er tid for trøyst no.

Det er tid for å seie: Gud lever. Han lever for å gje den trøytte kraft, han kan ikkje anna, det er hans vesen, det er difor vi er til, det er eksistensens kjerne. Det er tid for å la Jesajaordet vide seg ut og seie: Trøysta, trøysta Mi Jord.

Og ein sang lyfter seg inni meg og snart skal vi høyre den, dei svarte kristne i USA sin hymne, dei som var vel kjende med dei mørkaste kreftene hos sine kvite medmenneske: "He`s got the whole world in his hands."

Vi skal høyre ei ung Nina Simone synge folket sitt sin spiritual, den som bind saman det aller største og det aller minste, kosmos og mikros, you and me and the litttle baby, syndarar og fromme: Gud lever og ingen stader og ingen tilstandar er utanfor han.

Eg høyrer og syng med, gret og ler og frydar meg. Amen.

Jes. kap. 42

Geir Gundersen

Musikk: Nina Simone - "He's Got the Whole World in His Hand"

Skog