Morgenandakten onsdag 3. mars

Rom for å vere seg sjølv

Helene Langeland
Foto: Seline Larsen / NRK

Sjå for deg ein gjeng med konfirmantar som ligg hulter til bulter inne i kyrkjerommet. 14 og15 år gamle jenter og gutar som lener seg inntil kvarandre sine skuldrar, eller ligg med hovudet på magen til den ved sidan av. Nokon av dei har teke plass inne i alterringen, andre i midtgangen eller i benkane.

Ein sit inne i preikestolen ein annan i trappa. Det er kveldsavslutning på konfirmantsamlinga, og konfirmantane har sjølv valt sin plass i kyrkjerommet. Dei har ei stilling og ei plassering, der dei kjenner seg mest mulig heime. Ein stad i rommet der dei kan finne seg sjølv og kvarandre. Dei som ynskjer det kan tenne eit lys - for det ein har i tankane.

Det blir fint når vi igjen kan samlast i den kohortfrie kyrkje utan Corona avstand mellom oss. Uansett: I stilheit, lystenning og musikk - ja uansett kor du oppheld deg - der er det alltid rom for deg til å søke Gud, og fellesskapet - i den frie tanke.

Ein av konfirmantane eg etter kvart vart godt kjent med, starta året med å fortelje meg at «dette her det gidder eg eigentleg ikkje!» Eg melder meg ut var hans tydelege signal til resten av gruppa. «Eg blir ikkje med!» sa han ofte. Mobiltelefon og headset var hans beste ven der han sat med hette og caps godt trekt over hovudet. «Javel, det er no i alle fall fint at du møter opp» - tenkte eg. Slik gjekk samlingane den første tida. Eg smilte og sa hei, då ha kom, han nikka og slengte seg tungt ned - for deretter å ta fram mobilen.

På kveldsavslutningane var han av dei som sette seg aleine langt bak i kyrkja. Men så ein dag røyste reiste han seg og tente eit lys - framleis med caps og hette på hovudet. Etter kvart kom det både spørsmål og kommentarar frå konfirmanten, og eg lurte på om det kanskje ikkje var lyd på headsetet lenger.

Mot slutten av konfirmantåret var det han som tennte flest lys i lysgloben før han gjekk heim for kvelden. Då året var omme og eg inviterte til å bli med vidar som ungdomsleiar, då var han ein av dei som melde sin interesse.

No undrar du kan hende på kva det var som endra seg i han, men det veit eg ikkje, for eg spurde han aldri, men kanskje opna det seg eit nytt rom for han i løpet av konfirmantåret - eit rom der han fekk vere seg sjølv - med eller utan hovudplagg?

Mitt ynskje for deg, er at du kan finne det heilage rommet, der du alltid er velkommen med ditt trusspråk. Dersom du tek vegen til kyrkje eller anna gudshus, så håpar eg at du finn eit trygt rom der du kan vere deg sjølv. Velkommen heim! Skulle eg ynskje det stod, over inngangen til alle kyrkjedører, saman med orda Jesus seier: «I min Fars hus er det mange rom.» (Joh.14,2)

Det er ikkje alle av oss som har ein trygg og romsleg heim å komme til. Uansett kvar du kjem ifrå, så ynskjer eg du skal vite at Gud sjølv har lova å vere som ei god mor og ein god far for deg.

Helene Langeland

prest og beredskapsmor

Musikk: Tom Odell - «True Colours»