Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 29. april

Pilegrim – Rasten

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Når ein er på vandring og kreftene byrjar å ta slutt, må ein finne ein stad å kvile. Det er mange stader det kan vere godt å ta ein rast: Ved ein solsvidd vegg på ei stølsbu der ein kan sjå utover uendelege vidder og la kropp og sjel finne ro og kraft.

På ein benk i ein park, der livet susar forbi på scateboard eller sykkel, og blikket kan kvile på ungane som matar ender i dammen. Eller attmed ein kvilestein – som vatnet har rulla over i tusenvis av år og slik sakte slipt overflata mjuk og innbydande.

Å kvile er å la tankane drive, la kroppen få ro og langsamt kjenne at kreftene byrjar å kome attende. Men i vår travle tid er det så raskt å tenke at ein må vidare, ein må på veg att, ein må nå fram, det er noko ein kan gå glipp av.

Tida vi lever vi er flyktig. Vi fer frå den eine sida av verda til den andre. Vi flyttar på oss. Vi skifter arbeidsplass, vi endrar adresse, vi kjøper nytt. Men lurer vi ikkje oss sjølv når vi evinneleg, med fingeren på pulsen, spør oss sjølve: Er eg lykkeleg her? Ja, men då må eg sjå å kome meg vidare!

Kva om vi prøver å snu det heile. I staden for å vente på den dagen ein kjenner seg sikker nok til å kunne seie: Her er eg lukkeleg, så her blir eg, kunne ein seie Her er eg lukkeleg, for her blir eg!

Her er eg lukkeleg, for her blir eg! Kva har pilegrimen funne som gjer at ho kan seie det?

Det er noko uendeleg over den gode kvila. Det er visse om at det er noko som held fast, som femner om og gjev nye krefter, også når vi kjenner oss utmatta og slitne.

I den gode kvila finst ei kjelde – ei kjelde å ause av, drikke seg utørst frå. I ei av dei vakraste forteljingane eg veit frå evangelia i Bibelen, seier Jesus at den som drikk av den kjelda med vatn han kan gje, aldri meir skal bli tørst. For i kjelda er det levande vatn!

Her er eg lukkeleg, for her blir eg. Det seier ho som har funne kjelda med det levande vatnet. Og som veit at same kva som hender, er det noko som held fast; finst det ein stad å kome attende til, er det ei kjelde å hente nye krefter frå når ein kjenner seg uttømd.

Det er ikkje vi som må halde fast på Gud. Gud held oss fast. Same kor slitne eller langt borte vi måtte kjenne oss, kor håplaust livet fortonar seg – vi har alltid ei famn å kome attende til, det er ei hand som strekker seg mot oss.

Her kan vi kvile – for ingen kan ta oss ut av Guds hand.

Ragnhild Jepsen

Musikk: B.B. King - Precious Lord

Skog