Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 26. mai

Den underlege styrken i stilla

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

God morgen.

Du har nok fått kaffi og kanskje frokost i dag, men har du fått stillhet?

Stillhet. Dette underlege rommet som er så skjørt som eit papirhus og så lett å riva ned, men som også er så sterkt og berørande at me både lengtar etter det og prøver å unngå det.

Du har nok, som meg, kjent at stillheten kan snakka. Den begynner ikkje straks, men etter ei stund utan snakking, motordur, datamaskinvifta og den strie straumen av pling og plang, begynner stillheten å ta ordet.

Plutseleg stillhet er litt som å gå frå eit fullt opplyst rom og ut under ein stjernehimmel. Først er det berre to, tre stjerner å sjå, men etter ei stund, ser me at heile himmelen er sådd av dei. Slik augene treng å venja seg til mørket for å sjå stjernene, treng hjernen tid før me kan høyra stilla.

Den snakkar ikkje om gjeremålslister og kalenderavtalar eller om kva mon det skal bli til middag. I stillheten bur stemmen til det aller viktigaste. Det som ligg litt under kalenderoverflata, det som beveger oss av skugge og lys, glede og uro. Det me drøymer om, og det me fryktar.

Kanskje er det også derfor me distrahererer oss frå stilla og opplever den som tricky eller litt pinleg når den dukkar opp i samtalar? Det er som regel ikkje mangel på samtaletema det handlar om når det plutseleg blir stille mellom to. Tvert om er det gjerne at me plutseleg er komme til ein stad der orda ikkje strekkjer heilt til.

Det er ikkje underleg at me opplever stillheten sterkt. Regelmessig omgang med stillerommet gjer faktisk ting med hjernen vår. Nevrovitskapsfolka har funne at stillhet skaper fleire av dei små grå. Eller meir grå substans, som det heiter fint.

Meir av den, betyr at me kviler betre, lettare klarer å akseptera det me ikkje kan kontrollera, at me lettare klarer å endra oss og at kreativiteten vår får betre kår.

Stillheten er den staden der me møter oss sjølve og andre hinsides orda og eg trur det er staden der me møter Gud, slik Kong David så fint seier det i salme 131.

Eg har fått mi sjel til å vera still og roleg som eit lite barn hjå mor si, når det har stilt sin tørst. Så er mi sjel i meg.

Esther Moe

Skribent

Musikk: Kenneth Sivertsen – "Stillheten"

Skog