NRK Meny
Normal

Morgenandakten onsdag 26. juli

Pilegrim III

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I ei gudsteneste i Nidarosdomen hadde eg mange dåp etter kvarandre. For kvart barn som skulle døypast, spurte eg foreldra: Kva heiter barnet? Då eg kom til det siste dåpsfølget, kom ein liten gut – ein stolt storebror - meg i forkjøpet. Før eg rakk å spørje etter namnet på dåpsbarnet, kom det klart og tydeleg: Han hete Nils!

Når eit barn blir fødd, ynskjer vi å gi godt reisefølge med på vegen. Noko å ta fram for å få att krefter og kjenne at ein er i stand til å halde fram på vegen. Den beste reiseføda eg kan tenke meg, er den vi får i dåpen. Når vatnet vert aust over oss, får vi krefter å ta fram att i alle livets situasjonar.

Vi får ein medvandrar. Guds livspust vert blåst inn i oss, vi får uendeleg med nåde. Vi vert stadfesta som Guds barn. Og det er akkurat slik den vesle guten i Nidarosdomen forkynte så klart og tydeleg då veslebroren skulle bli døypt: Vi er ikkje ukjend for vår Skapar, vår bror Jesus går med oss, kvar vi enn er i livet. Namnet vårt er skrive inn i den store boka.

Desse dagane er eg pilegrim. Eg vandrar mot eit mål. Eg er spent og forventningsfull. Men samstundes tenker eg på at ikkje alle har helse eller mulighet til å legge ut på ei slik vandring. Kva er det då som gjer at vi alle likevel kan kalle oss for pilegrimar?

Jo, det er denne livsvegen vi alle er vandrarar på. Sant nok kan vi setje oss mål langt framme og håpe at vi når fram. Men like fullt er det vegen vi går på som formar oss, som krev av oss, og som gjer at vi treng både reisefølgje og nye krefter. Og det er på denne vegen vi får erfare at vi er Guds barn.

Som pilegrim desse dagane er eg utsett for vind og ver. Men eg håpar og trur at slik sommarregnet gjev grøde til åkrane og det som skal modnast, slik gjev Gud også føde til livet vårt her på jorda; kan vi tru at Guds gode gåver til oss gjev styrke til å vandre vidare i livet. Som dråpeforma nåde.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Nanna Kristensen - "Med favnen fuld av kærlighet"