Ifølgje evangelisten Johannes var Maria den første som kom til grava, tidleg om morgonen den første dagen i veka, medan det endå var mørkt. Sjå henne, det første vitnet til at grava er tom. Ho finn inga glede ved det synet. Hennar hjarte er fylt til brestepunktet av sorga over venen som er død. Det einaste ho ser er at den døde kroppen hans er borte.
Ho finn heller inga trøyst i to kvitkledde englar ho oppdagar når ho gråtande bøyer seg fram og ser inn i grava. Når englane spør: Kvifor gret du kvinne – svarar ho med den sorga som fyller hjartet: Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.
Sjå den gråtande Maria Magdalena. Ho liknar alle som sørgjer djupt, som er nedsøkte i sorga. ”Då ho hadde sagt dette”, held evangelisten fram, ”snudde ho seg og såg Jesus stå der, men ho skjøna ikkje at det var han”. Kvifor gret du kvinne, spør Jesus. Kven er det du leitar etter. Og Maria tenkjer, med ein gneiste av håp, det må vere gartnaren som står der. ”Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg”.
Kjære tilhøyrar – korleis oppstod trua på oppstoda? Eg ser Maria Magdalena og spør: Korleis var vegen frå sorg og fortviling til den overtydinga som kyrkja står og fell med: at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde den tredje dagen? Det var ikkje nok at grava var tom. Det var faktisk heller ikkje nok at skikkelsen Jesus stod fram. Det måtte ei indre erfaring til, det måtte springe ei kjelde i det sørgande hjartet..
Slik ser evangelisten Johannes det, den avgjerande vendinga frå sorg til tru:
”Maria”, seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: ”Rabbuni” – det tyder meister.
Maria. Rabbuni. Slik kom Maria Magdalena til tru. Slik vart Jesus levande for henne. Ein kjærleiksdialog i to ord. Ho høyrer sitt eige namn og ho kjenner att røysta til sin meister.
Eg får legge til for eiga rekning. Slik kom eg og til tru på Jesu oppstode. Slik vart Jesus levande for meg. Slik vart det meir enn overlevering og oppseding og kultur – endå så godt alt det er. Eg vart tiltala i mitt hjartedjup. Eg høyrde han seie mitt namn- Geir. Og eg fekk den store nåden å svare: Min Herre!
Geir Gundersen
Musikk Marias påskedag Kari van Pelt