Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 23. september

Berre kjærleiken

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

I dag er dette mi sak: Kjærleikens forvandlande kraft.

Eg står under korset, Jesu kors. Eg står her saman med dei som stod her då korset vart reist, nokre heilt nært, andre lenger borte, dei fleste kvinner. Eg står her som Geir. Geir står her, på tvers av alle tider, saman med menneske eg kjenner og menneske eg ikkje kjenner, nokre heilt nært, andre lenger borte, eg står her saman med alle som strevar og har tunge børder å bere, eg står her saman med alle som trælar under avhengigheit.

Eg får stå her, eg må stå her. For her flyt Kjæleiken fritt. Her dreg den korsfeste til seg alle synder og svik, frå tida si byrjing til tida sin slutt. Eg kjenner dei friske vindane frå Faderens og Sonens kjærleik, den Anden som set fri. Og her eg står, veit eg med usvikeleg visse: det er berre kjærleiken som kan vinne over det vonde og sette fri og det er nett det kjærleiken gjer.

Høyr kva ein ven med ei lang rushistorie, no fri og frisk, skriv til meg, eg har fått lov til å sitere. Ho brukar ikkje eit religiøst språk, men ho vitnar om kjærleikens kraft. Mor hennar ligg for døden, ho sjølv er rusa og sjuk.

"Jeg var så sint og redd, min mor var min trygghet og beste venn. Den siste gangen jeg så min mor levende , hadde jeg nettopp vekket henne fra en uke i koma. Sykepleierne sa at hun hadde ventet på meg, siden hun våknet.

Jeg holdt min mor i live en uke før hun tok farvel. Det var det verste som kunne ha skjedd, men det ga meg styrke til å forstå at jeg måtte vekk fra rusen og miljøet. Når min mor betydde så mye for meg, forstod jeg hva jeg måtte bety for min datter."

Så følgde 14 månaders beinhardt arbeid. Det var lite hjelp å få. "Men jeg hadde en lege som hade tro på meg og en mor som alltid før sin død støttet meg… I løpet av de 14 månedene kunne jeg føle at min mor stakk innom for å advare meg eller for å passe på meg når ting ble vanskelig".

Legens tillit. Mors kjærleik. Det finst mange vegar inn i avhengigheit og mange metodar som kan hjelpe menneske ut. Men eg vågar å seie: utan kjærleikens kjelde og kraft er metodane makteslause. Mine vener i Annonyme Alkoholikere seier det slik:

Vi kom til å tro at en makt større enn oss selv kunne bringe oss tilbake til sunn fornuft. Vi bestemte oss for å overlate vår vilje og vårt liv i Guds omsorg slik vi selv oppfattet Ham.

Himmelske Far, eg stiller meg under korset til din Son og saman med han gjev eg mi ånd over til deg. Opne hjartet mitt for din kjærleik i kjærleiken eg møter.

Tekst: Luk. 23,46

Geir Gundersen

Musikk: Salmeklang - "Lær meg å kjenne dine veier"

Skog