Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 23. oktober

Smaken av vennskap

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Johannes 15, 13

God morgon!

I dag tenkjer eg på venene mine. Eg oppdagar at dei er fleire enn eg trudde, eg tenkjer på dei ein for ein, kva som kjenneteiknar dei og vennskapet vårt, eg tenkjer på korleis dei har det, eg blir medviten korleis dei dekkjer heile spektret av livssituasjonar: unge, gamle, sjuke, friske, einslege, i familie o.s.b. Eg tenkjer på kva det er som lever mellom oss, kva dei betyr for meg og eg betyr for dei.

Så stig det fram, andletet til ein bestemt ven, bror Thor, presten Thor Wagle, som døydde i 2005, 80 år gamal. Thor var ein generasjon eldre enn meg. Vi hadde ei felles interesse for kristent samfunnsengasjement. Tidleg på 70-talet inviterte han meg til å dele mine tankar med sine studentar på Diakonhjemmet. Så hadde vi kvarandre i augekroken på den gode måten.

Då eg kom i ein vanskeleg livssituasjon seint på 90-talet, tok han kontakt. Det var slik han var, hjartet hans var vidope for folk som strevde. I denne perioden vart vennskapet djupt og sterkt. Ei stund var han den einaste presten eg orka å høyre preikene til.

Då eg vart generalsekretær i Blå Kors, gjorde vi ein avtale: vi skulle møtast regelmessig på mitt kontor til det vi kalla «halde-høgde-samtaler». Formålet skulle vere å hjelpe kvarandre til å halde høgde i livsens strid, å leve så vakent og sant som vi kunne, dag for dag, i det som var våre konkrete oppgåver og relasjonar.

Ein vismann kalla vennskap for eit «sakrament», altså noko Gud fomidlar sin nåde gjennom. Den tanken likar eg. At Gud gjennom vår evne til vennskap kjem oss nær og let oss erfare ein særmerkt nåde som strøymer mellom oss, mettar vår sjel, rettleiar og korrigerer oss og gir oss stor glede.

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine, seier Jesus i følgje Johannesevangeliet 15,13. Vi veit at det er sant. Vi kjenner at vennskap er av Gud og frå Gud. Ja, heile den kristne trua kan samlast i ordet Vennskap. Hvilken venn vi har i Jesus! Alt han vet og alt formår. Tyngste byrde han oss letter, når i bønn til ham vi går.

Geir Gundersen

prest og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Aretha Franklin og The Southern California Community choir - "What a friend we have in Jesus"

Skog