Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 21. november

Desperasjon og lidenskap

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Lukas 18, 35-43 og Lukas 7, 36 - 50

Desperasjon og lidenskap. Det er sånt det verkeleg lyser av, for ikkje å seia flammar.

Me har vel litt delt forhold til sånt. Me kjenner dei følelsane, men me prøver vel helst leggja band på dei. I alle fall for andre enn våre næraste.

Det blir liksom litt for nakent og inn på stålet.

Og i møte med andres nakne følelsar, føler me oss kanskje både makteslause og litt forlegne. What to do, liksom, når den andres hud og maske plutseleg er heilt av?

Akkurat det var sikkert ikkje så veldig annleis i den tida Jesus gjekk på jorda, det gjaldt nok også då å halda maska og skinnet sånn passeleg stramt.

Men han var nok forlengst forbi det punktet, den blinde mannen som sat i vegkanten og tigga den dagen. Plutseleg blei det veldig folksomt. Jesus, han frå Nasaret, er på veg forbi, fekk han vita. Då greip han sjansen. Han berre sette i gang med å ropa. - Jesus! Forbarm deg over meg! Utagerande roping sikkert, Lukas fortel at han fekk kjeft og irettesetting.

Eg synest eg høyrer dei og ser blikka. Makan til oppførsel, er det ikkje muleg å berre roa seg ned! Her kjem fint besøk, og så skal me ha denne gaulinga. Men den blinde mannen følte nok ikkje at han hadde så mykje å tapa. Han berre ropte endå høgare etter Jesus om hjelp.

Han blei høyrt. Dagens hovudperson stoppar og ber om å få treffa mannen. Ansikt til ansikt får han spørsmålet. Kva vil du at skal gjera for deg? Og går derfrå med synet tilbake.

Irettesetting blei det også på kvinna som var med festmåltidet hjå vener av Jesus i Betania, ei knapp veke før han skullle dra til Jerusalem og møta tortur og død.

Der er dei, festen er i gang, dei ligg til bords slik som bordskikk der var på den tida. Og så inntreff litt av ei scene. Selskapet blir avbrote av ei kvinne som kjem inn med ei krukke reinspikka og veldig dyr luksus. Ekte nardussalve var sjeldan, forskarar trur at oljen det er snakk om kunne ha komme heilt frå India.

Ho bryt opp krukka, heile huset blir fylt av dufta. Ho sjenerer seg ikkje, begynner å smørja inn føtene til Jesus og tørker dei etterpå med håret sitt. Det er ganske så nært.

Kanskje var forlegenhet som gjorde at sinte moraliserande stemmer heva seg: Sånn sløsing! Salven kunne jo vore selt for masse pengar og så kunne dei fattige fått pengane!

Men det er snusfornuften som blir vist vekk og den hengivne lidenskapen som får takk.

For Jesus skjer rett gjennom. Slutt å plag henne, ho har gjort meg godt.

To historier om menneske som lar snakk vera snakk for å vera nær den mannen. To historier om kva bønn egentlig er. Å ikkje klare å halde seg på matta, å trenge seg fram og rippe opp hjartet som ei oljekrukke og la lidenskapen flyta ut.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Trond Granlund – "Himmelvogna"

Skog