Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 21. februar

Feien for nåden

Utsikten fjorden
Foto: Esther Moe

Paulus' brev til Efeserne 1, vers 7

God morgon

Det finst menneske som har noko ved seg som gjer at du berre vil nærare. Problemet er ofte at ein manglar eit ærend. Den dama eg skal dela med dokken i dag har hatt den effekten på meg sidan eg var lita jente. Oddbjørg Vik heiter ho. Eg møtte henne av og til då, blikket, latteren og stemmen var reine magneten på meg. Men som barn visste eg berre ikkje kva eg skulle seia.

Så fekk eg sjansen nå i haust, nokre månader etter at ho blei enke. Tilfeldig kom eg i snakk med henne, og ikkje overraskande. Me var fort på brådjupt vatn i ei rik livserfaring som ho tør å kle i heilt enkle, ærlege ord.

Eg fekk audiens til å komma og snakka meir med henne, med blokk og kamera.

Berre ansiktet på denne vakre 78 år gamle kvinna, der ho sit i den vedovnfyrte lune og fine stova med morgonlyset-snuten mot vindauget og fjorden som strekkjer seg utover frå vika rett nedanfor huset!

Det var i sommar ho mista han som ho har elska eit langt liv. Mannen ho møtte ein kveld som attenåring, og som ho straks visste var han. Med stor H. Ho ler då eg spør om ho den kvelden var urolig for om ho kom til å møta han igjen. Nei då, ho visste det berre. Slik blei det. Det blei dei to. I mange år. Alt dei såg, levde gjennom, arbeidde, gleda seg over, delte. Strie straumar av liv.

I sommar måtte dei seia farvel til kvarandre. Han døydde. Ho er tilbake åleine i huset.

Ho møtte sorga, den grå. Tiltaksløysa, det gledeslause, det som er tomt. Det blir berre ord, for å mista den andre, det eine menneske, det kan aldri forklarast.

Dagane går, tida arbeider som ein usynleg og dyktig advokat. Langsomt kjem kreftene tilbake, plutseleg kan smil bryta gjennom. Ho kan kjenna at det også finst håp og fargar i verda. Og ho har noko å fortelja.

Å sørga er ingen sjukdom, det er heilt naturleg. Det må berre få ta si tid.

Og der, ved bordet fint dekt med duk og med kaffi og vørterbrødskiver med ost, fortel ho enkelt om trua si. "Eg er så forskrekkeleg feien for nåden", kjem det plutseleg. Feien er eit godt gamal suldalsord for glad. Nåden har sitt opphav i Gud, men ho kjenner den også i møte med andre menneske ho har fått og får lena seg på. Menneske ho tenkjer har hatt hardare liv og større sorger enn ho sjølv, og som likevel klarer å sørga med henne i hennar tap.

Kva er nåde? Nåde er å vera fri frå seg sjølv. Det er slik ho seier det. Og fordi eg ser sorga hennar i ansiktet, trur eg henne. Me ber våre eigne liv, våre eigne forventingar, håp og sorger, våre eigne hemmelege lengsler som mulegheiter, men også som bører. Me er prisgitte dei og kjenner samtidig brutaliteten i begrensningane.

Sorga er sann, men det er også nåden og håpet. Og ho veit det attenåringen visste, at ho skal møta han igjen.

Esther Moe

Redaktør i Suldalsposten

Musikk: Trygve Skaug - "Gir meg nåde"

Skog