NRK Meny
Normal

Morgenandakten onsdag 21. desember

Symbola på juletreet

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Julegrana står utanfor leiligheita og førebur seg til varmen i stova. Veslejulaftan kjem pynten på. Eg pyntar med andakt for når eg pyntar mines eg alltid far min, som døydde for ti år sidan. Han var lærar i teikning og keramikk og i skriftforming. Eg blar gjennom arka med den nydelege handskrifta hans og finn det eg leitar etter: Kåseriet hans om julepynt og symbol.

"Vi lyt ofte bruke symbol avdi ikkje kan uttrykka førestellingar på andre måtar", skriv far. "Det er så mange ting i tilværet som ligg utanfor vår fatteevne, men symbola kan kaste ljos over visse sider ved dei, slik at vi kan halda dei fast i vårt sinn og vår tanke."

"At julepynten inneheld meir enn dekor, er ukjent for mange. Eg har brukt å dele dei inn fire grupper", skriv far min. Den første gruppa, dei som viser veg: Stjerne, ljos og glitter.

Så er det Sendebodsgruppa: Klokkene, trompetane, fuglande, englane. Den tredje gruppa er Gåvegruppa: Korgene og så er det gruppe fire. Gruppa for det universelle, det medmenneskelege og samhaldet: Kula, ringane, lekkjene.

Har du treet framføre deg, sjå på det. Det er ein andakt der det står å oppleve, sanse

Lysa symboliserer at Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske kom no til verda.(Joh 1,9)

Klokkene, trompetane, fuglande og englane er symbol for dei som skal gå med den glade bodskapen. "Kling no klokka! Ring og lokka!"

Korger i ymse former peikar på "alle gode gåvers givar", og dei har hjarteform: gleda ved å få og gi. Samhaldet og fellesskapet er kula og lekkjene. Menneskeætta er ei, - difor kulesymbolet og lekkjene som tyder einskap og søskenkjede.

Far rundar av med sjølve treet: "Alle desse einskildsymbola og truleg fleire til, er knytt saman i ein stor komposisjon i juletreet. – Det grøne treet er symbolet på livstreet. Alle symbola som vi har nemnt, kan ein finne som frukter på dette treet."

I 1822 kom juletreet til landet vårt. Først i overklassen i Christiania, men ikkje mange år tok storbønder, prester og anna "fint folk" etter. Skeptikarane meinte at treet tok merksemda bort frå den eigentlege julebodskapen. I dag vil me nok seie at treet er kome for å bli!

Og når far min fortel om alt det me kan få møte gjennom juletreet, erfarer eg at bodskapen også verkeleg faldar seg ut.

Kari Veiteberg

Musikk: Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga – "Upp, gledjest alle, gledjest no"