NRK Meny
Normal

Morgenandakten onsdag 15. juli

Eit lys på vegen

Johan Moan
Foto: Marit Kolberg / NRK

"Maxwells demon" skal vi ikkje snakka om i denne andakten, men vi skal snakka litt om Maxwell sjølv. Kristendomen talar mykje om lys, og Maxwell laga ein matematisk formel for lys og opna den moderne fysikken.

Alle dei store fysikarane som reiv ned det jordsentrerte verdsbiletet til Aristoteles, var kristne. Dei bygde forskinga si på ein kristen tankegrunn: Universet er Guds verk. Gud er fornuftig og vil at vi skal studera skaparverket grundig, finna naturlovane og gleda oss over kor stort og fint det heile er.

Mellom desse store forskarane kan eg nemna Kopernikus, Kepler, Galilei, Boyle, Newton og mange fleir heilt fram til Maxwell. Jamvel Einstein seier skarpt i frå at han ikkje er ateist, men tvert om at han har fått inspirasjon frå ei åndeleg verd og trur at ein gud er attom alt.

James Clark Maxwell er den tredje av fysikk-gigantane, på høgd med Newton og Einstein. Innan mange felt tok han fysikken fram til å bli ein bærebjelke i vår vestlege kultur. Fleire greiner av fysikken førde han, men alt den avanserte matematikken bak elektromagnetismen. Tenk, han viste at magnetisme, elektrisitet og lys er av same slag og følger dei same matematikske formlane!

Da eg studerte desse formlane på universitetet, vart eg mållaus av undring og respekt. Korleis kunne han koma på dette? Kanskje ligg noko av svaret i kristentrua hans. Han sa: "Som David i Bibelen, vil eg gje det beste av meg til min generasjon. Gud har synt meg kor stort skaparverket er, og han vil at eg skal studera det så djupt eg maktar."

Kristentrua følgde denne milde mannen frå vogge til grav, gjennom lukke og liding. Han var hjeplsam mot alle, og pleide til dømes kona si da ho vart sjuk. Sjølv fekk han magekreft, og bar smertene utan klagar. Han underkasta seg Gud, slik han tidlegare hadde gjort i forsking og liv.

I ein bokhandel på ein flyplass såg eg nyleg tre bøker av naturvetarar som kalla kristendommen eit bedrag og Gud ein illusjon. Maxwell var nok ein større fysikar enn forfattarane av desse bøkene. Han las nytestamentet med bøn og undring, og dømde ikkje bodskapen ned før han hadde freista å leva etter han. Han fann at bodskapen heldt mål.

Som liten gut lærde han seg den lengste salma i Bibelen utanboks. Her kjem nokre ord frå denne storslegne salma: "Guds ord er eit lys for oss. Ungdom, som aktar Guds ord, kan halda stien sin rein. Gud er vårt skjold og vern. Guds ord er prøvd med eld: Ei lykt for min fot og eit lys for min stig. Stor er freden over dei som elskar Guds lov. Gud vil vera eit vern og eit skjold for den som trur. Den som leitar, vil han gje lys og visse."

Johan Emilian Moan

Musikk: Elvis Presely - "Precious lord, take my hand"