Julebrev avsluttar ein gjerne med å ynskje godt – gode tankar for dagane og det nye året som ligg framom. Bibelteksten i dag er også frå eit brev. Kanskje ikkje skrive til ei spesiell høgtid, men til ei spesiell gruppe menneske – frå ein spesiell mann; til kyrkjelyden i Roma frå Paulus, han som kalte seg Jesu Kristi apostel. Også han avsluttar brevet sitt med gode ynskje:
Isais rotskot skal koma, han som reiser seg og rår over folka, til han skal folkeslaga setja si von. Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.
Antakeleg skreiv ikkje Paulus julebrev. Men han skriv om alt det gode som skal skje når Guds son kjem til jorda: Menneske skal få håp. Gud skal kome nær.
Vi skal verkeleg få grunn til å kunne seie: Kjære Jesus!
Jesus er håpet vi har fått del i. Håpet som vaks fram or ein kvist – eit rotskot.
Eigentleg tenker eg det høyres litt tilfeldig ut – at håp kan vakse fram frå ein kvist. Det høyres tørt og lite fruktbart ut.
Men så stansar eg opp: Har vi ikkje erfart at det er fram frå det som er stussleg og lite, det vi tenkte små tankar om, at noko vakkert kan vakse fram?
Når vi tenker på vårt eige liv finn vi kanskje spor attende til ein stad der det var håplaust, der livet var mørkt, der ein ikkje såg håp for morgondagen.
Men midt i det som var mørkast og mest utan håp – der vaks det fram noko som skulle vise seg å gjere ein skilnad. Fordi vi opna oss mot menneske rundt. Fordi vi såg at ein stad var lyset. Der byrja liv å skjelve. Der var Gud.
Kjære Jesus – det er du som skal kome. Av den tørraste kvist skal det kome håp. Av det som ingen rekna for noko, skal liv bryte fram. Vi gler oss til du kjem.
Ragnhild Jepsen
Musikk Upp, gledjest alle Sissel og Odd