Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 14. november

Dei elendige

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Efesarbrevet 2, 8

Eg innrømmer glatt at eg meir enn ein gong har brote ut i gråt over Les Miserables, du veit, ein av dei store klassikarane i verdslitteraturen. På norsk: Dei elendige. Romanen har vore filmatisert fleire gonger og sett opp som musikal.

Det er ei scene som rører meg ekstra sterkt. Hovudpersonen Jean Valjean har sloppe ut etter mange år i fengsel, for å ha stole eit brød til den svoltne søstera si. No har han fått husly hos ein kyrkjas mann, ein biskop. Jean Valjean stel sølvtøyet og stikk av garde, men blir fanga av politiet. Skal denne fattige mannen som allereie er blitt så hardt og urettmessig straffa, hamne i kasjotten som straffange igjen?

Det er her biskopen, viser oss eit glimt av kva nestekjærleik i praksis er: Biskopen lyg for politiet og seier at sølvtøyet var ei gåve til Valjean. Han hentar i tillegg to sølvlysestakar som han gir til tjuven og seier at han gløymte å ta med seg desse. Biskopen si handling gjer at Valjean går fri – og får ei ny retning på livet sitt.

For meg er denne vesle scena eit godt bilete på det kristendommen kallar for nåde. Overfor Gud har vi alle tjuvgods i bagasjen. Likevel rettar Gud lysestakane mot oss og tilbyr oss ein ny start.

Kva er vel Bibelen anna enn historia om "dei elendige"? Heilt frå Adam og Eva vart sett i Edens hage og braut Guds første forbod, er historia full av døme på korleis menneska ikkje klarer å leve opp til Guds standard.

Det er difor vi treng nåden. Det er difor vi treng nokon som peikar oss i ei ny retning, som slår ein strek over alt det vi har gjort feil. Kvar dag, treng vi ein ny sjanse til å vise kjærleik overfor kvarandre.

Dette er den grunnleggande bodskapen i kristendommen, at Gud har gitt oss ein ny start gjennom Jesu død og oppstandelse. Slik biskopen rekte fram lysestakane til Jean Valjean i Les Miserables, rekker Bibelens Gud fram håpet om nytt lys og nytt liv til alle menneske. Vi, dei elendige, skal få gå fri.

Alf Kjetil Walgermo

kulturredaktør i Vårt Land og forfattar

Musikk: David Phelps - "Bring him home"

Skog