Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 14. mars

Bodskapen til Maria

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Luk 1, 26-38

For litt under tre månader sidan song mange av oss julesongen Et barn et født i Betlehem. No på søndag er det Marias bodskapsdag, til minne om Gabriels bodskap til Maria.

La oss tenke oss inn i situasjonen. Ei ung kvinne, truleg ei tenåringsjente, sit inne i huset sitt då ein engel brått står ved sida av henne. Ikkje nok med det, denne engelen fortel henne at ho skal bli gravid ved Den heilage ande og føde Guds son.

Det er ikkje rart at Maria blir redd, så engelen må seie til henne: «Ver ikkje redd, Maria!» Men om vi les bibelteksten ein gong til, ser vi at det ikkje er engelen eller bodskapen hans som først skremmer Maria. Det er helsinga: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg.»

Gabriels helsing kan tolkast på ulike måtar. Sjølv trur eg Maria blei forskrekka over det storslagne i han – at ho hadde fått nåde.

Då vi i fjor markerte at det var 500 år sidan den lutherske reformasjonen, var hovudtemaet nettopp «nåde». Men kva er eigentleg denne nåden for noko?

Kort sagt slår nåden ein strek over alle gongane vi har komme til kort, overfor oss sjølve, overfor andre, og overfor Gud. Nåden er Guds måte å komme oss i møte. Det er Gud som seier: Hei, eg har lyst til å henge med deg! Du er verdifull! Du er det mest fantastiske eg har skapt!

Nåden er Guds gode gåve til menneska. Det er ei gåve som på eitt vis kan verke skremmande, for vi føler ikkje nødvendigvis at vi fortener henne, eller har bruk for henne.

Men dei fleste av oss veit innerst inne at vi treng nåde i møte med medmenneska våre. Vi treng nåden i kvardagen, saman med dei vi har rundt oss og er glad i. Vi klarer ikkje alltid å leve opp til vår eigen standard.

Kor mykje meir treng vi ikkje nåden i møte med Gud?

Maria fekk høyre det som ved Jesus, son hennar, skulle bli sjølve kjernen i den kristne trua: Du har fått nåde. Gud seier det same til oss i dag: Du har fått nåde! Tilbodet om nåde går til alle. Nåden gjer ikkje forskjell på folk.

Den glade bodskapen om nåde er ein bodskap til alle menneske. Derfor feirer vi Maria bodskapsdag no på søndag. Guds nåde er komen ned til oss. Det finst ikkje noko større enn det.

Alf Kjetil Walgermo

forfatter og kulturredaktør i Vårt Land

Musikk: Ebba Forsberg – "Halleluja"

Skog