Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 13. november

Håpet held oss oppe

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Dei ringde frå sjukeheimen. Om eg kunne kome til ein som låg på det siste. Han var uroleg, men var ikkje mogleg å kommunisere med lenger. Men dei tenkte likevel at det kunne vere fint for han at det kom nokon som kunne vere der ei stund.

Eg tok med meg den grøne sangboka der alle dei gode salmane står - og songane som vi aldri blir lei av. Så sat eg der ved senga og song. Mange vers. Eg hugsar ikkje alle. Berre at då eg song «Du ska få en dag i mårå», trilla ei tåre nedover kinnet til han som snart skulle møte ein ny morgondag – på den andre sida av døden. Pusten gjekk jamnare. Det kom ei ro over kroppen som før hadde vore så uroleg.

Sidan har eg ikkje kunne synge den songen utan å tenke at det vi menneske treng aller mest ved livets yttergrenser, det er håp: Håp for det nye livet vi har fått mellom hendene, om at det skal verte fylt av kjærleik og tillit. Håpet når det midt i livet stormar som verst, om at vi kan få legge bak oss det som er tungt og fylt av sorg, og så gå vidare. Og håpet ved livets grense om at vi kan få møte det som ventar med blanke ark og Gudsnærver.

Håpet er lagt ned i oss. Og det held oss oppe. Enda så vanskeleg det ville vere å teikne eit håp, er det likevel noko handfast vi grip til når alt anna er tenkt gjennom og brukt opp. Og det er det siste vi gjev slepp på. Det var det eg opplevde der ved dødsleiet til mannen på sjukeheimen.

Dei finaste orda i Bibelen eg veit om, er nettopp dei som handlar om håpet. For dei kan vi kjenne oss så igjen i. Dei gongene Jesus på den sterkaste måten har gjeve menneske håpet igjen, er når han gjev dei livet attende. På ulike måtar gjer han det. Menneske vert reiste opp frå dei døde. Det er det mest radikale. Men like mykje treng dei håpet og livet sitt attende, dei som har vore utstøytte, stempla og trakka på.

Jesus gjev liv attende, for han har sjølv vore der at han trengte nytt liv. Og Gud reiste han opp frå dei døde den tredje dagen. Der er håpet forankra.

Ein ny dag. Fargestiftar. Blanke ark. Gudsnærvær.

Må dagen din bli fylt av håp!

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidaros

Musikk: Bjarne Brøndbo – «Du skal få en dag i mårå»

Skog