Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 13. januar

Ei gåve

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

I mi kyrkje har vi barnedåp. Vi døyper barna utan å spørje dei.

Alle vert vi fødde som Guds barn. Men mange har lært at dåpen er nødvendig for ein person, for at ho skal komme til himmelen når ho døyr. Dette synet, og denne redsla for at barnet skulle gå fortapt, har skapt frykt og angst hos foreldre. "Ja, er det noko feil med sonen min?", spør ein far, når presten snakkar om eit syndig menneskebarn.

Synd har ofte blitt forstått som ein moralsk mangel, nedarva frå Adam som var ulydig og åt det eplet, som Eva gav han. Forstår eg synd som ein moralsk mangel, så kryp det fort inn i meg og seier "meg syndige menneske", "meg uverdige". Nybakte foreldre fortel at dei vil ikkje at babyen deira skal bli omtalt på den måten.

Men forteljinga frå Edens hage kan tolkast annleis: Kva om denne forteljinga rett og slett seier noko om vilkåra her, i denne verda? Både synd og skyld og vondskap høyrer til livsvilkåra. Vi er ikkje enten gode, eller vonde, eller ei lett blanding. Nei, alt og alle er underlagt døden og destruksjonskreftene. Heller ikkje vesle Kari er unnateke desse kreftene.

Men, det kyrkja har stridd og bala med, heilt frå oldkyrkja av, er korleis ho skal kommunisere dette at vi alle er ein del av synde – og daudelovi (Altarboka 1921), utan at dei nybakte foreldra kjenner seg dømde og trakka på.

Paradis og syndefall fortel meg det eg erfarer kvar dag: Eg er heilt og fullt skapt av Gud, samtidig så er eg heilt og fullt i syndas makt. Heller ikkje det vesle spedbarnet er unntatt desse kreftene.

Dåpen er til for dei som ønskjer det. Det skal ikkje vere tvang. Og det skal gi meining. Eg ser på dåpen som ei gåve vi gjerne kan gi barnet. Og i mine augo er det også ei alvorleg gåve.

Dåpen viser oss livet i all sitt mangfald: Livet er godt, kan gi vekst og glede, men det er også vondt, dødeleg og byr på sorger og motgang. Vi kan ikkje verge barna mot det vanskelige, men vi kan førebu dei på det, og vi kan minne dei om at det ikkje er alt.

Når vi døyper aksepterer vi heilheita, og håper på det gode. Guds løfte lyder til oss i dåpen: Kari du er dotter mi, I deg har eg glede.

Vi vel side når vi døyper: Satsar på kjærleiken og vågar døden. Blir drukna i vatn og trekt opp igjen, lys levande.

Kari Veiteberg

Musikk: Bjørn Tyldum - "Sov nu"

Skog