NRK Meny
Normal

Morgenandakten onsdag 12. august

Meir enn eit møte

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I Vietnam møtte eg vesle Anh. Ho var åtte år. Foreldra var døde av aids. Det var berre bestemor igjen i heile verda som kunne og ville ta seg av den vesle jenta.

Men så vart det klart at også Anh hadde smitten i kroppen. Den smitten som gjorde at ho, då eg møtte henne, var sjuk av aids. Svært sjuk. Og naboane og venene ville ikkje lenger ha noko med Anh og bestemor å gjere.

Det var ikkje rom for dei i fellesskapet i byen. Så dei måtte flytte. Langt ute på landet fekk dei eit jordstykke der dei kunne få bu. På ein haug bak ein gravplass, i grensesona mellom liv og død, isolert og utstøytt – der skulle dei vere.

Anh gjekk på skulen i tre dagar, men då dei andre elevane og lærarane fann ut at ho var hiv-smitta, måtte ho slutte. Ingen ville leike med henne. Ingen ville kome heim til henne.

Ho døydde berre nokre dagar etter at eg vitja henne. Livet hennes var kort og prega av sjukdom og einsemd. Men også for Anh kom Lyset til verda – for å skine i mørket. Ho fekk kjenne lyset gjennom kjærleiken frå ei bestemor som stod saman med henne i einsemda. Ho møtte det gjennom menneske som fann henne og tok seg av henne dei siste vekene av eit altfor kort liv.

Dei sterkaste orda om å møte våre medmenneske er det Evangeliet om Jesus som gav oss:

For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok i mot meg; eg var sjuk og de såg til meg; eg var i fengsel og de vitja meg. Men folka rundt han sa: "Når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok i mot deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?" Og svaret dei fekk, var:

Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot ein av desse minste syskena mine, gjorde de mot meg.

Vi skal møte vår neste - med nåde, og med realisme og forventning.

For kven er vår neste? Er det ikkje den gamle mannen vi deler benk med i parken? Er det ikkje den slitne kvinna som sit med koppen ved inngangen til kjøpesenteret, dag etter dag? Er det ikkje den aidssjuke jenta, utanfor fellesskap og venskap. Er det ikkje den vesle guten som eg ikkje kjenner, men som likevel tillitsfullt smiler til meg og etterlet meg med varme i hjartet?

Eit møte er så mykje meir enn eit møte.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Oslo Gospel Choir - "Noen må våke i verdens natt"