Morgenandakten onsdag 11. desember

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt

Kristin Lødøen Hope

Femte Mosebok 10, 17-19

Det er tidleg kald vintermorgon. Det er mørkt og eg er på veg til jobb. Eg går forbi skolen i nabolaget. Lysa er tende i vindauga i klasseromma, og eg tenker på kor koseleg det må vere der inne i varmen, når romma blir fylt av fargerike elevar med anar frå heile verda. Eg er så stolt av skolen vår, så stolt av den fleirkulturelle, fargeblinde fellesskapen, og så takknemleg for at våre barn har fått vere ein del av det. Det gir verdifull erfaring ut i livet.

For noen år sidan var vi så heldige å få ta imot ein mindreårig flyktning som fosterbarn i heimen vår. Det var i slutten av november og det var naturleg å introdusere guten vår for norske førjulsaktivitetar, som å tenne adventskransen kvar søndag og synge "Tenn Lys".

Då vi, andre søndag i advent, kom til det andre verset, kom ei strofe litt overraskande på oss akkurat dette året, men vi kunne jo liksom ikkje stoppe å synge. Vi blei litt "grøtete" i stemma då vi sang: "må fanger få sin frihet, og flyktninger et hjem".

Det er over 70 mill. menneske som er på flukt i verda i dag. Det er overveldande tal. Og alle har heller ikkje muligheit til å gi flyktningar ein heim eller eit rom.

Men det er ikkje alltid rom eller plass det er snakk om. Det er mange som allereie har flytta inn blant oss, og det er mange måtar å hjelpe på. Det blir sagt at det må ein heil landsby til for å oppdra eit barn. Det er ei sanning som gjeld alle barn, men ikkje minst barn- og unge som kjem frå ein heilt annan kultur, som ikkje kan kodane våre og verken forstår vår sjargong eller humor.

Vi hadde aldri klart å integrere vårt fosterbarn utan raus hjelp frå storfamilie og venner, skole, klassekameratar, trenarar og andre oppmerksame og velvillige rundt oss. Folk som går eit steg ekstra. Folk som ser. Folk som smiler og seier hei.

Nyleg såg eg to unge jenter tilby seg å bere handleposane til ei kvinne av utanlandsk opphav. Eg såg smilet breie seg i ansiktet hennar. Dei småprata medan dei gjekk bortover mot hennar oppgang. Eg trur ho kjende seg både sett og møtt.

Ein pensjonist eg kjenner, inviterer, annankvar veke, ein ung mann frå Syria til ein prat over ein koppe kaffi. Hensikta var å lære språk, men vennskapen som oppsto, hadde vel så stor verdi for begge.

Alle treng å bli møtt med varme og respekt for den dei er. Eit Afrikansk ordatak seier at "dersom ikkje dei unge blir tatt godt imot i landsbyen, vil dei brenne han ned for bare å kjenne varmen frå han". Alle fortener ein sjanse uavhengig av namn og religion, hudfarge og kultur.

Gud gjer ikkje forskjell på folk. Bibelen fortel oss om korleis vi bør oppføre oss mot innflyttarar og hjelpe dei rundt oss som treng ei handsrekning. Vi kan på ingen måte sno oss unna det. Ingen kan gjere alt, med alle kan gjere litt.

Kristin Lødøen Hope

sjukehusprest ved Haukeland universitetssjukehus

Musikk: Helene Bøksle - "Tenn lys"