Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 10. mai

Begjær

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kjærleik er dagens ord. Nei, ikkje den svevande åndelege kjærleiken. Men den fysiske forelskelseskjærleiken. Den som gjer oss ville og gale og yre. Det er skrive tusen songar og meir om den, dikta mengder med meir eller mindre god poesi om den.

Noko av det finaste som er skrive om den står i, ja, i det gamle testamentet. Teksten er vakker og dristig. Sanselig og poetisk. Det handlar om kropp og sjel, om natt og dag. Eit lyrisk leggspark til dei som meiner bibelen målber kroppsangst og avvisning av begjæret. Tvert om. Vekk ikkje kjærleiken før den sjølv vil, heiter det i ei linje. Og me forstår at det ordet ikkje kjem frå ein gledeslaus moralist, men frå eit menneske som, med dets eigne ord, er sjuk av kjærleik.

Det er ein anerkjennelse av den krafta i denne kjærleiken som yter den rettferd på ein mykje heftigare måte enn nokon laussluppen, det spelar inga-rolle, frigjort-stil.

Ei klok sjel sa at me kan takka syndefallet for begjæret. Utan fare og risiko, blir det inga dupn.

Forsøket på å frigjera mennesket ved å framstilla sex som noko det ikkje er så farleg med, noko på linje med ei treningsøkt eller sjølvrealisering, er eigentleg eit ran. Kroppane våre heng saman med sjela, dei to kan ikkje, skal ikkje rivast frå kvarandre. Hengivelse er å setja seg sjølv på spel. Kjærleik består av to ord. Det eine peikar mot djupet, det andre peikar mot det som er tindrende lett.

Det er ein grunn til at den kvite lilja som flyt på den svarte botnlause tjødna, lyser så sterkt. Den hentar næring frå både lyset i den gjennomsiktige himmelen og frå mørkret i djupet under seg.

Eg skal lesa frå Høgsangen kapitel 1.

2 Som ei lilje mellom tistlar,

slik er mi kjære mellom døtrene.

3 Som ein apal mellom trea i skogen,

slik er kjærasten min mellom sønene.

Å sitja i skuggen hans er ei nyting,

hans frukt er søt for ganen.

4 Inn i vinhuset har han ført meg,

hans merke over meg er kjærleik.

5 Styrk meg med rosinkaker,

kveik meg med eple!

For eg er sjuk av kjærleik.

6 Venstre armen hans er under hovudet mitt,

med den høgre held han rundt meg.

7 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,

ved gasellane eller ved hindene i marka:

Uroa ikkje kjærleiken!

Vekk han ikkje før han sjølv vil!

8 Høyr, det er kjærasten,

der kjem han,

springande over fjell,

hoppande over haug.

9 Kjærasten liknar ein gasell,

ein ung hjort.

Der står han bak muren vår.

Han gløtter inn gjennom vindauga,

kikkar inn gjennom gitteret.

Esther Moe

Musikk: Sigvart Dagsland - "Himmel"

Skog