Morgenandakten onsdag 1. juli

Ein medvandrar som gjev rytme til livet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg har vandra i fjellet med folk som kjenner stigane like godt som si eiga bukselomme. Som har vore i fjellet sidan dei var små og veit alt som er å vite om teikn på himmelen og lydar som tyder på at vi må kome oss i hus. Folk som har lagt uendelege vidder bak seg og som set seg mål langt der framme. Ved dagens slutt kan dei seie akkurat kvar vi har vore og kva som ventar neste dag.

Men der eg vil haste opp på neste topp og tenke at eg kan kvile og samle nye krefter seinare, der går mine følgjesveinar med rolege skritt og jamn fart. Heilt jamn fart. For slik, har dei erfart, er ein i samspel med naturen. Slik kjem vi inn i den gode rytmen. - Den som ber oss framover mot målet, men som innimellom stoppar opp og let oss drikke av kjelder med kaldt, friskt vatn så kreftene kan vende attende.

Det er viktig å ha godt reisefølge på vegen. Det kan vere både folk og niste. Den beste reiseføda for livsvandringa eg kan tenke meg, er den vi får i dåpen. Når vatnet blir aust over oss med orda om Guds nåde, får vi noko vi kan hente fram att i alle livets situasjonar. Vi får ein medvandrar som kjenner alle stigar, som gjev rytme til livet og som let oss drikke av livsens kjelde – av vatnet som gjer at vi aldri meir blir tørst.

Når vi vandrar gjennom livet, er vi pilegrimar. Vi vandrar mot eit mål der framme. Det kan vere freistande å haste fram, men ikkje alltid så lurt. Det er vegen vi går på som formar oss og som gjer at vi treng både reisefølgje og nye krefter.

På denne første julidagen håpar eg at slik sommarregnet gjev grøde til åkrane og det som skal modnast, slik gjev Gud også føde til livet vårt her på jorda; kan vi tru at Guds gode gåver gjev styrke til å vandre vidare.

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidarosdomen

Musikk: Herborg Kråkevik – «Vandraren»