Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 9. januar

Lys gir håp

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg spurte ein kar på Svalbard kva som var det finaste med mørketida. Han svarte: "Det er når vi skjønar at lyset skal kome attende. Det er framleis mørkt. Men vi ser konturane av fjellsidene og himmelen over fjella. Då kan vi tru at sola kjem att, også dette året."

Kva er det som får livet til å spire, graset til å gro og fuglane til å synge?

Jo , det er lyset! Lyset openberrar verda for våre auge.

Når verda blir skapt, vert lyset skapt av mørke. For mørket var først. Og det er Gud som skaper – som gjev namn til det som er mørke og kaos, og til det som er lys og varme.

I møte med Gud er lyset så sterkt at vi ikkje kan greie å sjå det. Til det er liva våre for ufullkomne. I Guds lys kjem alt det skapet til syne – som dei vi er meint å vere. I Bibelen er det fleire forteljingar om det:

Då Moses møtte Gud, kunne han ikkje møte Guds blikk. Til det var lyset for sterkt. Likevel stråla andletet til Moses då han kom ned frå fjellet. For han hadde vore nær Gud.

Og den oppstadne Kristus openberra seg for sine vener då sei sat i mørket og var redde. Dei lengta etter lyset, og så stod det plutseleg mellom dei. Og sidan levde dei med orda om at dei skulle vere Lyset i verda.

Det motsette av lys er mørke. I mørket kan vi gøyme bort det vi ikkje vil skal kome til syne. Lyset avdekker og stiller fram slik at ingen ting kan skjulast. Difor kallar lyset til forsoning og oppgjer. Lyset gjev håp. Det vitnar om ein morgondag etter nattemørket.

Lys er håp. For det vitnar om ein ny dag som skal kome. Det gjev håp om at mørket skal overvinnast.

Vitskapen har avmystifisert lyset og gjort det til partiklar og bølgjer. Men i mennesket og i vårt gudsforhold opplever vi at lyset er meir enn vitskap; at gud er så mykje meir enn fysikk. Vi er skapte med Guds lys i oss. Det lyset skal ingen få slokke eller prøve å øydeleggje. Tvert om skal vi finne fram til Guds lys i kvarandre. Og lyset kan vi finne att – enda så mørkt det kan kjennes inne i oss og rundt oss. Det er nåde!

Ragnhild Jepsen

Musikk: Inger Lise Rypdal - "Spelldåsen"

Skog