Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 8. mai

Når noe er for godt til å være sant

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Me skal direkte inn i det som skjer ein brennande varm dag for rundt fire tusen år sidan i eikelunden i Mamre hos Abraham og Sara. Dei har nettopp har fått besøk av tre menn som har ein latterleg beskjed med seg.

Abraham set i gang og slaktar og grillar den beste kalven og trakterer gjestene. Men dei to mennene spør etter henne som forgjeves har venta heile livet på å sløkkja tørsten etter å bli mor.

Frå 1.Mosebok 18:

9 Då sa dei til han: "Kvar er Sara, kona di?" Abraham svara: "Der inne i teltet." 10 Han sa: "Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son." Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han. 11 Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis. 12 Difor lo Sara med seg sjølv: "Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal." 13 Då sa Herren til Abraham: "Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er? 14 Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son." 15 Sara nekta: "Eg lo ikkje." For ho var redd. Men han svara: "Jau, du lo."

Sara står kanskje og tjuvlyttar i teltopninga. Det mennene sa må ha provosert henne. Ho har vore barnlaus i alle år, så desperat at ho til slutt baud mannen slavekvinna si Hagar for å få eitt barn. Men gesten var for stor; så sjalu gjorde det Sara, at Hagar måtte flykta med barnet.

Sara ler der ho står. Ho er gammal, for lengst for gammal til å få barn, ho har vore ute mange vinterdagar og netter før. Ho synest nok ho treng eit vern mot å opna seg for draumen nok ein fortærande gong.

Ho blir ferska i latteren og ho nektar. Sara er redd, står det. Det er nok ikkje å ta i. Ho må ha kjent hendene dirra litt.

Me beskyttar oss i møte med det som er for godt til å vera sant. Latter er ingen uvanleg måte å reagera på når me mister kontrollen. Anten me vinn den store lottogevinsten eller me mister det kjæreste me har. Eller i møte med den forstanden hjartet forstår, men som ikkje den vanlege forstanden heng med på, for å sitera fritt etter tenkeren Pascal.    

Me treng håpet, men me beskyttar oss også mot det, for det er så forstyrrande. Det set den vanlege forstanden ut av spel og pløyer oss som ekrene om våren.

Men håpet Gud kjem med, er sterkt nok til å overleva både latteren og frykta vår.

Esther Moe

Musikk: Kirsten Bråten Berg - "Slak line"

Skog