Men Polyanna hadde noko med seg, ein lærdom, ein leik som ho hadde lært heimanfrå: Vereglad-leiken. Det var ein leik som handla om å sjå positivt på alt, uansett kor håplaus situasjonen eigentleg måtte vere. Vereglad-leiken leika Polyanna stadig vekk – og snart fekk ho heile landsbyen med seg i den, til slutt også den strenge tanta. Slikt gjorde inntrykk på meg! Eg trur eg skjønte noko av det håpefulle som låg i det. Og eg likte sjølvsagt at boka hadde ein glad slutt.
Som vaksen veit eg at det ikkje alltid hjelper med vereglad-leiken. Det vonde går ikkje over. Smerten blir ikkje borte. Sorg blir ikkje til glede. Eg finn ikkje alltid noko å vere glad for. Kanskje vil nokon seie: Det er ikkje noko å glede seg over.
Men eg veit også at lysstrimer kan trenge seg fram der det ser som mørkast ut. Og eit mørke - om det så berre får ei strime med lys, er faktisk ikkje heilt mørkt lenger når lyset først har fått ein sjanse. Det er akkurat som om lyset er trassig – og utfordrar det mørke. Ja, at lyset ynskjer å bekjempe mørket.
No er vi i den lysaste, lettaste tida av året. Det er mykje å glede seg over, mykje å vere takksam for. Vi lever i oppstodas tid: Vi feirar at Livet – med stor L – braut seg fram frå døden. Livet og naturen er på lag no. For det nye livet bryt seg også gjennom jorda og tvingar seg fram og opp i lyset. Det er som om skaparverket har bestemt seg for å utfordre alt som vil hindre det i å kome fram. Og så veit vi kor fantastisk det er å finne den første blomen i vegkanten; å sjå at det som såg ut som det var dødt, faktisk har ei strime av liv i seg! Det er LYS – sjølv når livet kjennest mørkt.
Når gleda og takksemda bryt seg fram i oss, kor skal vi då rette takken? Det er ikkje alltid så lett å vite kvar vi skal gå; kven som er mottakar for det vi måtte kjenne på av glede. Forlegne kan vi også kjenne oss; redde for at orda blir for store. Då går eg til Bibelen. Og leitar fram ord som Salmisten i Den gamle testamentet har lært oss. Dei kjenner eg kan duge:
Rop med jubel for Herren, all jorda!
Ten Herren med glede, kom fram for han med jubel!
Kjenn at Herren er Gud! Han har skapt oss, vi er hans,
vi er hans folk og den flokken han gjeter. … Lov han, velsign hans navn!
Ragnhild Jepsen
Musikk: Carola - "Tänk att få vakna".