Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 5. desember

Midt i den kalde vinter

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Det hev ei rose sprunge ut av ei rot så grann.

Som fedrane hev sunge: Av Isais rot ho rann,

og var ein blome blid midt i den kalde vinter

ved mørke midnattstid.

Sjå det er min tekst idag. Ein salme frå 1500-talet om det aller minste teikn, på det aller største håp. Eg syng og bed og tenkjer, eg kjenner lukta av julegudsteneste i Skodje kyrkje, eg let sangen stige i meg gjennom alle mine aldrar, frå eg var eit barn.

Snart skal du få høyre Veronica Akselsen synge den. Og når ho stemmer i, kjenner vi ikkje berre angen frå ei nyutsprungen rose, vi kjenner lukta av liding og kamp, romanifolket si liding og kamp, det som er Veronica sine røtter.

Ein blome blid midt i den kalde vinter. Og vi må seie: ein einaste, einsleg blome midt i ein svært kald vinter. Eg kjenner: Geir, dette biletet, kor alvorleg er du istand til å ta det?

Av Isais rot ho rann, den rosa. Altså må vi lenger tilbake, heilt til ein profeti som er meir enn 2500 år gamal, Jesajaboka 7,14:

"Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode".

Nærare kjem vi ikkje kjerna i den kristne tru. Sjå ungjenta og den vesle guten med eit namn som betyr at Gud er med oss. Det er Guds teikn på at han bryr seg om den verda han har skapt, at han ikkje vil gje den opp, gje den over til det mørket som mennesket til alle tider erfarer som ein realitet, i seg og rundt seg.

Det er ikkje store greiene dette teiknet. Det er ingen overveldande realitet som alle må bøye seg for. Det er varsam banking på hjartedøra. Teiknet opnar seg for den som opnar seg. Men då blir det også tydeleg at teiknet ikkje er ein lovnad om triveleg lys for nokre få, det er eit håpsteikn for alt liv.

Syng Veronica. Syng meg inn i det vesle teiknet på Det store håpet.

Tekst: Jes.7,14

Geir Gundersen

Musikk: Familien Akselsen – "Det hev ei rose sprungen fra Blå juleglede"

Skog