Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 30. november

En velsignet tilfeldighet

Herborg Kråkevik
Foto: NTB scanpix Corneli Poppe

For nokre veker sidan var broren min og eg igang med eit flyttelass i Oslo. Me var slitne etter altfor mykje bering og altfor lite søvn. Slitne av den familiere irritasjonen, som sikkert mange kjenner til.

Eg hadde planlagt det slik at me to- bror og syster- skulle få tid ilag, toeine, utan familiane våre. Det er sjeldan det skjer, og det skulle gjera oss godt, sjølv om me måtte arbeida med flyttekassar.

Men me vart lei oss fordi me ikkje klarte å vera slik me ville mot kvarandre , slik syskjen ofte kan vera, sjølv om dei nærmar seg 50 åra...

Så møtte me Glenn, 88 år. Den fyrste som vart døypt Glenn i Norge.

Han eigde lageret me skulle ha tinga inn på. Han stod der i høljeregnet og tok imot oss. Slo ut med armane sine, og han slo visst ut med sinnet sitt også, og tok oss med inn.

Han såg oss som dei me var, og saman med han, vart broren min og eg dei beste versjonane av oss sjølve- slik me ville vore mot kvarandre heile denne vesle tida me hadde ilag:

Han, den trygge, kloke og kunnskapsrike storebroren med plass til alle andre menneske i livet sitt. Og før Glenn visste av det, visste bror min og eg meir om det 88-år gamle livet enn ein skulle tru var mogeleg å få vita på ein liten halvtime.

Eg vart generøs og interessert og snill, og fekk Glenn til å le.

Glenn viste oss det som må vera ein av dei eldste veteranbilane i Norge, iallefall den finaste. Og han hadde teke den frå kvarandre og bygt den på nytt heilt sjølv. Og på den splitternye Iphonen sin, viste han oss bilder på dropbox frå turar med bilen til fjells.

Å seia at han var ein type som kviler i seg sjølv, vil vera å ta ein tjukk klisjé i munnen. Men klisjear kjem visst frå noko som var sant eingong, men som har vorte utvatna fordi det er vorte brukt for mykje og feil. Men det var slik han virka på oss: eit menneske som var den han var og gav av det han hadde og gjorde så godt han kunne for å hjelpa oss.

Det var enkelheit og ektheit over han, og i blikket hans var det ro.

Me kom til dette lageret, slitne, såre og sure, og me køyrde derifrå oppløfta, milde og glade! Glenn må kunne kallast ei velsigning!

Eg hadde planlagt mykje som skulle vera bra for bror min og meg, dette døgnet i Oslo, men eg kunne ikkje ha planlagt Glenn.

Den tjekkiske forfattaren Milan Kundera, snakkar ikkje så høgt om Gud, men han snakkar om Guddommelege tilfeldigheiter, og dette møte med Glenn må ha vore noko slikt.

Herborg Kråkevik

artist og redaktør for juleheftet Juleroser

Musikk: Bjørn Eidsvåg og Kammerkorzettet - "Se i nåde til oss"

Skog