Eg veks opp i ein familie og får øve meg i å bli meg i samspel med andre. Får eg den gåva å stifte eigen familie, får eg også eit liv, kort eller langt, på å øve meg i å vere ektemann, kjæleikspartnar, pappa, svigerfar, bestefar. Blir eg sjuk, får eg øve meg i å takle sjukdom og gjere det eg kan for å bli frisk att. Er eg frisk og før, får eg øve meg i å takle gode dagar. Det skal det god rygg til, seier visdommen. Og så vidare. Alt er gåve. Alt får eg øve meg i. Alt må eg øve meg i for å pakka gåva ut.
Høyr no desse orda i Salme 113 frå ein som har øvd seg i å vere nær Gud:
Kven er som Herren, vår Gud. Han som tronar i det høge og ser i det djupe – kven i himmelen og kven på jorda? Han reiser den veike opp av støvet og lyfter den fattige frå dungen.
Kjære medmenneske. Ein dag i mitt vaksne liv, etter å ha levd som truande sidan eg var barn og som prest i mange år, gjorde eg ei oppdaging. Eg oppdaga kor djupt eg lengta etter å koma nærare Gud, at alt eg hadde lært og høyrt (og takk for det!) skulle vike plassen for eit meir levande forhold til Gud, eit forhold som kunne vekse slik forhold kan. Eg oppdaga også at eg måtte ta ansvar for denne oppdaginga. Det var noko eg måtte følgje opp i praksis, ja eg oppdaga at eg trong hjelp av ein som hadde gått denne vegen før meg, som kunne følgje meg og støtte meg når eg skulle ta ansvar for min eigen lengt og øve meg i bøn. Slik fann eg ein åndeleg vegleiar og eit stort og fritt rom til dei øvingane som eg hadde behov for.
Vår songar i Salme 113 øver seg i tru. Han har oppdaga noko heilt grunnleggande om Gud i si eiga erfaring: at han som tronar i det høge, ser i det djupe, reiser den veike opp av støvet og lyfter den fattige frå dungen. Det er ei god åndeleg øving for denne dagen: å sjå på verda, på det som er nært og det som er lengre borte, med Guds auge, sjå under overflata, sjå i det djupe. – og handle i samsvar med det du oppdagar. I dag.
Geir Gundersen
Musikk ”Lengsel” Kristin Reitan