Med bileta som ein gong har sett seg på netthinna er det også slik at dei har evna til å feste seg i hjarta. Og det ein har i hjarta, det ber ein med seg alltid. På godt og på vondt. Nokre bilete fyller oss med trygghet og varme. Dei gjer oss glade og får oss til å kjenne oss elska. Men andre bilete har ikkje den evna. Tvert om, dei tynger oss ned og gjer oss redde. Dei fyller oss ikkje med tillit eller lyst til å opne oss opp. Dei stengjer. Dei gjer oss små.
Slik er det også med det biletet vi har av Gud – våre gudsbilete.
For biletet av Gud ber vi også med oss i hjarta. Og så veit vi dessverre at ikkje alle greier å bere med seg eit godt bilete av Gud. For i staden for å bli fylt av varme og kjærleik, er det noko som har festa seg og stengjer. Det som skulle vere lyst og tillitsfullt, er i staden mørkt og trugande. Det gjer noko med oss! Nokre prøver gjennom eit heilt liv å kome til rette med slik det er. Andre vender seg vekk.
Kvifor har det vorte slik? Fordi det har vorte brukt ord om Gud som gav vonde assosiasjonar. Fordi det ikkje har vore samsvar mellom dei bileta av Gud bibelen bruker, og dei bileta som har vorte forkynt. Vi som skal formidle den kristne bodskapen har eit stort ansvar i så måte: Å fortelje om Gud så menneske kjenner varme, godhet, omsorg. Så gode bilete kan skapast.
Gjennom heile bibelen blir vi vist bilete av Gud. Sjølv om vi aldri ser, berre høyrer. Men vi høyrer om kva Gud gjer, om Guds kjærleik, om Guds lengt. Vi høyrer om Gud som far og som mor, som evig lengtande, som alltid trøystande.
I dagens bibelord er det akkurat som om profeten Mika i Det gamle testamentet vil gale gudsbilete til livs. For han seier:
Kven er ein Gud som du, ein som tek bort skuld og tilgjev synd for den resten han eig? Han held ikkje evig fast på vreiden, for han vil gjerne visa miskunn.
Gudsbilete kan ikkje retusjerast. Men dei kan endrast. Gjennom evangeliets ord om Jesus som viste oss Gud slik Gud er: Med varme og omsorg, med kjærleik og nåde. Slike bilete skal vi gøyme i hjarta!
Ragnhild Jepsen
Musikk Deg å få skode Sondre Bratland