NRK Meny
Normal

Morgenandakten mandag 29. august

Underbara Balsam

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Eg har vore der. Eg er ikkje der no, men eg har vore der, veit korleis det kjennest, ja korleis verda ser ut når sorga går sin gang.

Det var eit tap der, eg treng ikkje seie av kva slag, men dei som kjenner sorga, veit kva som skjer, grunnen vaklar, verda gyngar, den blir veldig lita og veldig stor på same tid. og sjølve tida stansar i ei underleg evigheit.

Eg vart kjend med eit djupt behov, ein trong etter å skrike sorga ut, høgt, høgt.

Eg var heldig. Eg budde i eit stort hus med mange rom. Eg fann ein stad og ei tid der eg kunne vere aleine og rope så høgt eg ville utan frykt for å bli høyrt av andre enn Han, min Gud. Og så skreik eg. Ropte og gret. Til eg var tom. Til alt eg kjende, var tømt ut over Han, min skapar og far.

Det var ei handling i tru. Eg visste kor eg ville, måtte gå med sorga. Men sjølve erfaringa var frisk som morgondoggen. Og eg oppdaga at di nærare eg var sorga, di tettare eg var på røyndommen, di meir hjartet opna seg mot Gud, di meir verkeleg vart kontakten med han, eg oppdaga at namnet hans er Trøystaren, at det høyrer til hans vesen å trøyste.

Sæle dei som sørgjer, seier Jesus i Bergpreika, Mt. kapittel 5. Dei skal bli trøysta. Eller som det heiter i Lukasversjonen, direkte adressert til læresveinane, Sæle de som no gret, de skal le. Eg tenkjer: det var det eg oppdaga, dei høyrer saman, det verkeleg sørgande mennesket og den verkeleg trøystande Gud. Sorga og trøysten, det er to sider av same mynt. Utan det første, ikkje det andre. Utan sorga, inga trøyst.

I Salme 94 les eg dette vitnemålet frå eit menneske som veit kva sorg er.

Om eg må seia: "Foten min er ustø",

så held di miskunn meg oppe, Herre.

Når mitt indre er fullt av urolege tankar,

har mi sjel glede av di trøyst.

Eg likar den nøkterne tonen. Det er inga idealiseting av sorg og liding her, vi talar om eit faktum i den menneskelege eksistensen. Ingen kan leve eit liv utan å bli kjent med sorga, lik eit barn som hoppar rundt i kroppsleg fryd, også vil ramle og slå seg, nokre gonger alvorleg. Slik oppdagar vi kven vi er og kva vi treng, slik oppdagar vi kven Han er, den stillferdige Trøystaren.

Så kjære medmenneske, lat oss opne våre sorger og høyre Solveig Slettahjell synge om den himmelske medisinen som kan lege våre hjartesår: Underbara balsam.

Geir Gundersen

Musikk: Solveig Slettahjell - "Underbara balsam"