Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 27. mars

Ei bøn til mitt livs Gud

Geir Gundersen i naturen

Tekst: Salme 42

God morgon!

God morgon, kjære lyttarar - og god morgon, kjære Gud! Idag vil eg tale direkte med deg, min Gud. I dag vil eg få deg i tale. For denne morgonen stiller eg meg saman med alle som sender sine bønnerop til deg, eg går inn i flokken av bedande menneske, av alle raser og tungemål, eg trør inn i straumen, den uendelege straumen, av korte og lange rop til deg, eg legg mi eiga hjartebøn inn der, eg let bønneropa skylle over meg, eg er inne i straumen og gjer meg til eitt med den.

Høyrer du Gud?

Eg kjem til deg på bølgja av bøner i denne stunda. Eg kjenner kva det gjer med mi eiga bøn, å opne den for andre, folk som eg likar og folk som eg ikkje likar, folk som eg forstår og folk som eg ikkje forstår, vener og fiendar, eg kjenner kor sterkt og sant det er å sleppe andre inn i mi bøn og sjøl gå inn i deira, truande og ikkje-truande.

For alle ber, også dei som ikkje trur på deg, Gud.

"Bønnen har vært utrolig viktig for meg i mitt liv" seier den svenske diktaren Linda Bostrøm Knausgård i eit intervju i Morgenbladet. "Samtidig har jeg vanskelig for å tro på at Gud eksisterer og hører på meg. Men bønnen er et spyd, en måte å samle tankene på. Du ber ikke om småting, nyanser. Du ber om de tingene som er vesentlige. Det gjør jeg særlig i situasjoner der ting blir vanskelige, der jeg ikke riktig ser."

Eg ber til deg, Gud, du som er så vanskeleg å få auge på for så mange, eg ber for livet, eg ber med livet som innsats, eg ber for livet til dei menneska du har elska fram, ikkje ein einaste gløymer du, så høyr, høyr vår bøn!

Eg ber saman med dei som er i nokonlunde balanse, slik som sangaren i Salme 25: "Vern mitt liv og berg meg!" Eg ber med dei som er kasta ut i kaos og redsle, slik som sangaren i Salme 35: "Lat dei som står meg etter livet, bli til spott og skam. For utan grunn har dei spent ut sitt garn". Eg ber med dei som er fylt til randa av sorg og klage, slik som sangaren i Salme 88: "Mitt liv er fylt av ulukker, eg står ved dødsrikets rand."

Høyr vår bøn, du min Far og mi kjelde, eg ropar ut i den stilla der du bor: høyr, høyr, svar, svar! For no flyttar eg meg sjøl og alle bøner i heile verda inn i den bøna du lærte oss å be. Fader Vår. Eg les den. The Original Five Blind Boys syng den. Bøna etter ditt hjarte.

Geir Gundersen

Musikk: The Original Five Blind Boys - "Our Father"

Skog