Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 25. juli

Verdigheit

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Måndagsmorgonar høyrer eg ofte snorkelydar når eg går gjennom kyrkjerommet vårt. Under pledd, oppå og under kyrkjebenkane ligg folk og søv og kviler seg. Eg legg orda som er meisla inn med store gullbokstavar bueopninga over oss i hjarta:

Gud gir den trøtte kraft

I første etasjen er Byfrokost godt i gong. "Veit du kor eg kan sove om natta, spør ein eldre mann, på veg opp til andre etasje for å kvile. Eg har enno ikkje trukke vinnarloddet i loddtrekninga for tildeling av seng i overnattingslokalet på Majorstua."

Eg kjenner på eit veksande ubehag. Ja, eg opplever det same som eg-et i diktet Stør jag av Eeva Kilpi. Säg till om jag stör, sa han när han steg in, så går jag med det samma. Du inte bara stör, svarade jag, du rubbar hela min existens. Välkommen.

Diktet hennar kjem frå Sånger om kärlek. Men eg tolkar mitt ubehag ikkje heilt som kjensla i eit kjærleiksdikt. Ubehgaget handlar om ein dagleg konfrontasjon som eg vel å stå i, og leite etter håp i! Og å bruke teologi, tru og fornuft og samtalar til å finne ut av.

Mitt – og vårt ubehag av møte Simona og Vaseli med koppane sine, kvinner som heiter "Joy" og "Grace" på gata nattestid, det er noko vi må forholde oss til det! Men kanskje ikkje først og fremst som vårt ubehag? Eit døme: "Kvinna som går på gata nattestid må bort, for ho stel mannen min."

Det har skjedd ei endring i landet vår, og vi må spørre oss sjøl: Når havna vi der? At det er vårt ubehag som er viktigast. Kva med spørre: Korleis har kvinna her? Kvifor er ho på gata? Kva gjer fattigdomen i store delar av verda med oss som bur og lever i Norge?

Det er trist om tenkinga vår og vedtaka våre styres av den tankegangen at ubehaget vi opplever er det viktigaste. "Ute av øye ute av sinn", vi slepp å sjå det, så blir det enklare.

Ei oppmoding – våre nigerianske kvinner tek ikkje mannen min frå meg, det er ikkje det som problemet. Problemet er fattigdom og naud. Og vår utfording er å dele. Dele.

Det er ubehageleg når det kjem så nær oss. Papirkoppen rett framfor ansiktet men. Men ikkje dehumaniser. Simona og Vaseli er menneske. Du har kanskje ikkje ein tiar i lomma, men du har eit smil. Og du har eit par auge som kan møte to andre. Simona fortel meg at ho ikkje reknar med at alle gir pengar i koppen, men det vesle smilet og blikket – det at du ser på meg som menneske, det hjelper meg.

Å vere skapt i guds bilde betyr at kvart menneske har fått verdigheita i fødselsgåve. Godheit. La oss trur på det gode og hente kraft frå det.

Kari Veiteberg

Musikk: Valkyrien Allstars – "Vågar du"

Skog