Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 24. juli

Pilegrim I

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Denne veka er eg pilegrim. På fredag kveld, ved inngangen til Olsoknatta, skal eg kome fram til Nidarosdomen. Det er målet for vandringa mi. Eg skal ikkje gå åleine. Eg skal vandre saman med menneske eg ikkje kjenner, men som eg gler meg til å møte.

For å vere pilegrim, det er å utsetje seg for møte. Det er å stille seg open for den og det som møter oss undervegs. Det er å vandre gjennom område eg ikkje kjenner. Og som eg ikkje kan krevje eigarskap til. Å vere pilegrim er å opne seg for det Gud vil vise meg på vegen fram til målet.

Å vere pilegrim på denne måten, det er å gå. Det er å bruke kroppen, å bli sliten, å bli svolten. Kanskje må eg rekne med å få eit gnagsår eller to også. Det er ikkje som å springe til bussen, eller gå ein spasertur på søndagen. Dette er noko av det eg skal finne ut av desse dagane. Er det rart eg er forventningsfull?

Ein som var pilegrim gjennom heile livet sitt på jorda, var Jesus. Han hadde eit mål, det var Jerusalem. Han gjekk ikkje åleine. Han samla menneske rundt seg som han vandra med. Nokre vandra saman med han heile vegen, andre berre eit lite stykke.

Jesus stilte seg open for dei han møtte undervegs. Han som sa til læresveinane sine at dei skulle vere menneskefiskarar, han var i sanning sjølv ein menneskefiskar. Han fann menneske, han oppsøkte dei, eller han møtte dei tilfeldig.

Av og til gjekk han gjennom område av landet han ikkje var kjent i. Der møtte han dei framande. Det var dei han kanskje fekk det næraste forholdet til. Og han vandra gjennom landskap som ikkje var hans. Men som han lærte disiplane å ha age for, samstundes som han viste dei at Gud sørger for oss, også i det ukjende.

Denne veka skal eg vandre som pilegrim. Og eg skal tenke på kva det er som gjer at vi alle kan kalle oss pilegrimar, også dei som ikkje kan legge ut på ei lang vandring. Eg er forventningsfull og spent. Og eg ber den gamle pilegrimsbøna: Herre, vis meg din veg og gje meg vilje til å gå den.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Henning Sommerro - "Pilegrimssang mot år 2000"

Skog