Det har vore ei helg for minne. Og no kan vi seie det: Så viktig det er å minnast! Å ta vare på gode minne som ein kan leite fram og skatte. Fordi dei gjev oss styrke – no kan vi sjå framover.
Menneske etterlét seg varme! Vi går ikkje uanfekta vidare etter møte med menneske. Og i dag kjenner vi på varmen vi ber med oss som minne. Ettervarmen etter levd liv. Varmen vi kjenner fordi vi var glad i nokon, Varmen vi kjenner fordi vi er skapt til å gje omsorg – og få omsorg. - Gje kjærleik og motta kjærleik.
Det siste året har vi vore så nær livet – og livet har rørt ved oss på ein særskilt måte. Smerte og død er også ein del av våre vilkår som menneske på jorda. Og dei råkar oss fordi dei treff oss der vi er som mest sårbare – i vårt forhold til dei som står oss nærast.
Apostelen Paulus skriv til kyrkjelyden i Filippi, i det 4.kapitlet:
Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.
Vi held fast på at kjærleiken er det som har halde oss oppe i denne tida. I bibelen står det om dei som søkjer tilflukt hjå Gud når det ikkje er nokon annan stad å gå. ”I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskebarna ly.”
Guds kjærleik til oss er som den varme, váre vengen vi som verjelause barn kan gøyme oss innunder. Guds kjærleik til oss er som ei mor som alltid vil opne armane mot barna sine og halde dei inntil seg. Utanom Guds kjærleik er det ikkje råd å kome, sjølv når livsgrunnlaget vårt vert rokka ved.
Så var det det vi trengte – og det var det vi fekk: Evna til å vise kjærleik.
Kjenn varmen! Del varmen! Vi fekk den – fordi vi trengte den.
Ragnhild Jepsen
Musikk Gje meg handa di Kurt Nilsen og Helene Bøksle