Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 23. juli

Eit fjordblikk - Pilegrim 5:8

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

4. Mosebok 6, 25

Den siste bratte stigninga og hjartslaga kimar i øyrene, blodet dunkar gjennom kroppen og eg høyrer min eigen pust som torden rundt kinna. Skogens ro er endå berre ein teoretisk idé, for eg høyrer ingenting anna enn mitt eige slit.

Så er eg oppe, der mosen og lyngen breier seg ut mellom furuleggene. Eg får tilbake pusten, ser meg rundt. Ser utsikta og kjenner korleis det som er stort der nede blir smått her oppe. For her er eg minst og stilla størst.

Og eg veit at det kjem, det øyeblikket då stilla kjennest altfor stor. Som eit vilt framand dyr som står og ser på meg mellom trea. Når eg kjenner min eigen redsel for det eg ikkje har noko namn på. Der ingen ord er til hjelp. Dette klyv eg og sveittar eg for. For å kjenna den motstanden, den kalde kulsinga på ryggen i møte med den store stilla, før freden overtar og eg trygt kan leggja meg på kne for å drikka.

Det er når eg er der, ansikt til ansikt med det hjartet lengtar etter, at eg kjenner det.

Tørsten kan ikkje stillast med tanken på vatn. Det er først når eg ligg på alle fire med det glatte fuktige bergflaten under hendene, klukkinga av vatn i øyrene og halve fjeset nedi den svale bekkjen, at eg drikk meg guddommeleg utørst.

Herren late sitt andlet lyse over deg, heiter det så vakkert i velsigninga.

Eg trur Gud lar sitt andlet lysa over oss gjennom naturen, gjennom menneske, gjennom det som gjer oss godt. Det som er reint og ekte, sant og uforfalska. Sjela kjenner det og lengtar etter det. Også når det er å finna på utilgjengelege stader. Anten det er i naturen rundt oss eller i menneskenaturen.

Det kan vera den samtalen du lengtar etter å ta, men også gruar for. Brua du treng å reparera for å komma over til ein ven. Det kan vera å slå ring rundt den tida du treng, og når andre ikke forstår.

For meg er det å vera pilegrim å vita at det finst stader og tilstandar eg ikkje kan erfara, før eg er der. Eitt anna av mine pilegrimsmål ligg berre nokre kilometer frå der eg bur. Eit fjordblikk; magnetisk vakkert med sitt mørke lys, som gammalt oksydert sølv. Vegen ned er rasfarleg. Kampesteinane som kom sist, ligg der som umælande vaktbikkjer.

Men eg må forbi, til den smale sølvranda av fjord dernede.

Når eg står dernede, og alle sansar får meg på plass, kjenner eg at nettopp vissa om at eg har risikert for å oppleva å la dette andletet lysa over meg, er det som gjer meg til ein pilegrim. Ein som har meir å tapa på å bli trygt heime enn å dra.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Yellowjackets & Take 6 - "Revelation"

Skog