Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 21. september

Eg, arme menneske

God morgon!

Eg går beint på den krevande sanninga som andaktene denne veka skal kretse om: lengten etter fridom frå nedbrytande, livshemmande vaner. I lys av den kristne tru: om vegen inn i og vegen ut av avhengigheit, om den erfaringa som knyter så mange av oss saman: eg veit i djupet av kropp og sjel kva eg lengtar etter og eg veit samstundes at eg er ute av stand til å oppnå det.

Ein gong må apostelen Paulus ha ropt desse orda som vi finn skrevne i Romarbrevet kap. 7: "Eg, arme menneske! Kven kan fri meg frå denne dødens kropp?" Like før har han skildra tilstanden sin slik: "For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg…..Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje."

Mine ord idag er vigde til dei som kjenner seg att i Paulus sitt rop eller som held på å oppdage at dette er sant også for meg. I kjærleik og solidaritet knytter eg meg til dette fellesskapet av bundne trælar. Eg set ikkje all avhengigheit på same plan. Det er stor skilnad på dei destruktive konsekvensane av rusavhengiheit og dårlege mentale mønster. Men noko er likt, og det som er likt, er djupt menneskeleg.

For meg er denne røyndomen uløyseleg knytta til mine tolv år som leiar for Blå Kors Norge, ein organisasjon som i over 100 år har solidarisert seg med dei avhengige.

Her fekk eg også kontakt med mi eiga avhengigheit. Eg var pasient på Sunnås sjukehus då Blå Kors ringde og fortalde at dei gjerne ville ha meg som kandidat til posten som generalsekretær. Men eg sa nei og oppdaga at den djupaste grunnen til neiet var prestisje, at mange med meg ville sjå på dette som eit steg nedover på den kyrkjelege karrierestigen.

Då eg til slutt sa ja, fordi eg ikkje fekk fred , begynte eg den første arbeidsdagen min med å gi ein lovnad om fråhald frå alkohol. Det sat langt inne for ein glad vindrikkar som meg. Eg oppdaga mi avhengigheit av mine drikkevanar, illusjonen om min fridom – og det svei når gamle vener gjorde narr av min nye praksis. Slik begynte mi Blå Kors-tid, den aller beste tida i mitt arbeidsliv.

Mine vener i AA, Annonyme Alkoholikarar. har utvikla eit 12-stegsprogram. Det første steget er som eit ekko av Paulus sitt fortvila rop:

Vi vedgjekk at vi var makteslause i høve til alkohol og at vi ikkje lenger kunne meistre livet vårt.

Å seie det som det er – det er eit stort steg mot fridom. For den som får kontakt med sanninga, får uunngåeleg kontakt med Gud. Og den som kjem i kontakt med Gud, finn nåden. Måtte morgonen din opne, seg, måtte dine steg i livet gjennnom denne dagen bli velsigna av sanning og nåde, nåde og sanning.

Tekst: Rom 7

Geir Gundersen

Musikk: Bergen Domkantori - Vær sterk, min sjel

Skog